Ofte stilte spørsmål til revmatologisk poliklinikk
Her finn du svar på dei spørsmåla vi oftast får på revmatologisk poliklinkk.
Administrative spørsmål
For den som ønsker det kan HelsaMi spare tid og gi deg gode moglegheiter for digital oversikt og dessutan ha dialog med helsepersonell. Her på revmatologisk poliklinikk kan du mellom anna bruke appen til å kontakte oss, svare på spørreskjema og be om reseptfornying på H-reseptar. Ingen skal tvingast til å bruke HelsaMi, men uansett få god helsehjelp frå det offentlege. Før du har logga inn første gong er du registrert som ikkje aktiv bruker og kommuniserer på same måte som før.
Det er ønskeleg at pasientar i behovsstyrt oppfølging skal svare på spørreskjema om helsetilstanden sin ca. kvar 6. månad. Du får eit varsel på sms når det er på tide å rapportere. Det du rapporterer gir oss nyttig informasjon om helsetilstanden din og blir brukt til vidare oppfølging og behandling av deg som pasient.
Noko av informasjonen frå spørreskjemaa kan bli overførte til nasjonale medisinske kvalitetsregister dersom du skriftleg har samtykka til dette. Hovudformålet med dei medisinske kvalitetsregistera er å bidra til betre kvalitet for pasienten. Resultat frå registera blir brukte til kvalitetsforbetring, og er ei kjelde til kvalitetssikring og forsking.
For at vi lettare skal kunne fastslå at hovudårsaka til smerter er relatert til revmatisk sjukdom, har vi ofte behov for biletdiagnostikk som røntgen eller ultralyd. Vi treng også blodprøver som kan vise teikn til inflammasjon.
Ved mistanke om revmatisk sjukdom bestiller du time hos fastlegen din som utfører ei klinisk vurdering og rekvirerer nødvendige prøver og undersøkingar. Ved mistanke om inflammasjon i rygg krevst det svar på MR-bilete av IS-ledd før du blir tilvist til avdelinga.
Som regel er det fastlegen din som kommuniserer med NAV om din jobbsituasjon. Ved behov for dokumentasjon eller informasjon frå oss, må førespurnaden kome direkte frå NAV til avdelinga vår, og ikkje via deg som pasient.
Min diagnose
På revmatologisk poliklinikk jobbar vi etter standardiserte pasientforløp som vi forheld oss til. Har du nettopp vore hos revmatolog for første gong og har oppfølging her, er du mest sannsynleg inkludert i eit slikt forløp. Her kan du lese meir om forløpa:
Vi anbefaler informasjon om revmatiske diagnosar på
Norsk revmatikerforbund (NRF) er ein pasientorganisasjon for deg med ein revmatisk sjukdom. Dei jobbar for at alle med revmatisk diagnose skal få den oppfølginga og behandlinga dei treng, og kunne ha god livskvalitet uavhengig av helseutfordringane sine. På nettsidene deira finn du informasjon om diagnosar, behandling, råd om kosthald, trening, rettar, kurs/utdanning og mange andre ting. Her kan du også prate med ein rettleiar eller likepersonar som er eller har vore i same situasjon som deg. Dei har også ein informativ podkast der dei svarer på stort og smått.
BURG er organisasjonen for barn og unge med revmatisk sjukdom, og familien din. Dei jobbar for å betre situasjonen for deg som er barn eller ungdom som anten har hatt diagnosen sidan du var liten, eller nettopp har vorte diagnostisert med ein revmatisk diagnose.
BURG sine nettsider finn du her
Andre interesseorganisasjonar/brukarorganisasjonar:
Seksualitet er ei kjelde for auka livskvalitet, nyting og meistring, uavhengig av om ein er frisk eller lever med ein kronisk sjukdom. Dessverre er det slik at mange med revmatisk sjukdom opplever utfordringar knytte til seksualitet og intimitet. Frå fysiske konkrete hindringar (tørre slimhinner, redusert rørsle) til mentale hindringar (manglande overskot eller lyst, ikkje komfortabel i eigen kropp).
Dette temaet kan du ta opp ved behov på ein av konsultasjonane dine ved poliklinikken. Dersom du ikkje er komfortabel med å prate direkte med nokon om dette, kan du finne eit informativt webinar frå Norsk revmatikerforbund (NRF) om temaet her: Webinar - "Sengeprat" - Del 1/5 - YouTube.
Medikamentell behandling
Det er mykje ulik informasjon på internett og det kan vere vanskeleg å vite kva som er gjeldande og god informasjon. På Revmatologisk poliklinikk i Helse Møre og Romsdal bruker vi først og fremst Norsk revmatologisk forening sine pasientinformasjonssider.
I tillegg er pakningsvedlegg (informasjonsskrivet som ligg i medikamentpakken) ei god kjelde til informasjon om medikamenta.
Norsk revmatologisk forening har gode informasjonsskriv om medisinane vi føreskriv ved avdelinga. Her kan du mellom anna lese om moglege biverknader. I tillegg er pakningsvedlegg for medisinen nyttig å lese.
Har du symptom som du trur kan vere biverknad av ein medisin du bruker er det lurt å snakke med fastlegen først om dette. Fastlegen kan spørje spesialist om råd ved behov. Eventuelt kan du sjølv kontakte revmatologisk sjukepleiar; anten via melding i HelsaMi eller på telefon.
- Måndag - Fredag 09:00 - 11:00
- Laurdag - Søndag STENGT
Når du startar opp med ny medisin hos oss får du informasjon om resept skal fornyast av oss eller av fastlegen din. Blå resept blir vanlegvis fornya av fastlegen (eksempelvis Metotrexat/Metex), medan resept på biologisk medisin (sakalla H-resept) må fornyast av spesialist. Desse medikamenta blir dekt direkte av helseføretaket. For å få fornya H-resept av spesialist må ein ha eit minimum av informasjon om tilstanden din og korleis du bruker medisinen. Derfor må vi stille deg nokre spørsmål for å kunne fornye resepten din utanom legetime, anten digitalt via HelsaMi, eller over telefon. Dersom du er i behovsstyrt oppfølging ønsker vi at du melder behov for ny H-resept via spørreskjemaet der.
Utgifter til biologiske medisinar blir dekte av helseføretaka direkte. Innkjøp av desse kostbare legemidla må gjerast etter anbod, og styrast frå eit eige helseføretak, Sjukehusinnkjøp HF. Formålet er å ha felles innkjøpsavtalar for alle helseføretak og slik skape store innsparingar gjennom fellesinnkjøp.
Anbodsprosessen blir bestemd på føretaksnivå og revmatologisk avdeling er forplikta til å forhalde seg til anbodet. Du kan lese meir om innkjøp av legemiddel på sykehusinnkjop.no.
Om du utset eller sluttar med den tilrådde medikamentelle behandlinga kan du risikere å få auka sjukdomsaktivitet. Medisinane bruker ofte tid på gi ønska effekt, og nokon medisinar held seg i kroppen i lang tid etter at du har slutta/teke pause frå medisinen. Om du først får sjukdomsoppbluss kan det ta lang tid før medisinen på nytt gir effekt. Det er derfor ikkje tilrådd å sjølv starte og slutte med medisinane. Ved behov, snakk med fastlegen din eller revmatolog om du kan slutte eller ta pause i bruk av medisinane dine.
Ta kontakt med oss via melding på HelsaMi eller på telefon dersom du vurderer å slutte med den antirevmatiske medisinen din.
- Måndag - Fredag 09:00 - 11:00
- Laurdag - Søndag STENGT
Blodprøver
Pasientar som bruker sjukdomsmodifiserande medisin (DMARD; disease modifying anti-rheumatic drug) skal ta blodprøver hos fastlegen regelmessig, ca. kvar tredje månad. Dersom du har starta opp med ein ny medisin skal prøvene oftast takast månadleg dei første tre månadene. Det er viktig at du følgjer opp og tek desse blodprøvene slik at legen din raskt kan fange opp eventuelle endringar som kan ha konsekvens for vidare medisinering og behandling.
Ikkje-medikamentell behandling
Ergoterapeut ved revmatologisk poliklinikk er spesialisert i å hjelpe deg som har revmatisk sjukdom til å finne løysingar på utfordringar i kvardagen. Dei kan mellom anna lære deg metodar for handtrening og tilpasse ortosar. I tillegg tilbyr dei ergonomisk rådgiving om mellom anna aktuelle hjelpemiddel, korleis du kan endre arbeidsmetodar og korleis du kan meistre utmatting (fatigue) og kuldeplager.
Sjukepleiarar, legar og fysioterapeutar ved revmatologisk poliklinikk kan tilvise deg til ergoterapeut når du ønsker det.
Enkelte diagnosegrupper har tilbod om behandlingsreiser. Det er ein prosess der fastlege må fylle ut ein søknad og du som pasient må fylle ut ein annan søknad, og det må leggast ved siste notat frå revmatolog.
Det er Avdeling for utanlandskontor og behandlingsreiser ved Oslo universitetssjukehus (OUS) som tek imot og behandlar søknader. Meir informasjon om behandlingsreiser finn du på OUS sine nettsider.
Her kan du finne aktuelle opplæringstilbod:
Kurs i Helse Møre og Romsdal
Rehabilitering