Til brukarar av etanercept (Erelzi, Enbrel, Benepali)
Frå 1. februar 2026 vil ny innkjøpsavtale og nye prisar for legemiddelet etanercept tre i kraft. Framover vil du derfor få utlevert Erelzi som er avtalelegemiddelet i den nye avtalen. Byte av medisin vil skje på apoteket.
Denne informasjonen er til orientering, slik at du kan førebu deg på å byte medisin.
Kan eg stole på at den nye medisinen er like bra og sikker som den eg har brukt tidlegare?
Ja, du kan trygt bruke den nye medisinen. Det er det same aktive stoffet - etanercept - som i den du har brukt tidlegare. Eska og utstyret (sprøyte/penn) kan sjå litt annleis ut enn det du er vand til, men på apoteket får du informasjon om korleis du skal bruke det nye legemiddelet.
Kvifor er medisinane billigare, dersom det er like bra?
Legemiddelfirmaa set ned prisane på medisinane sine når det blir konkurranse i marknaden. Ved å bruke det rimelegaste preparatet innan kvar gruppe får ein same effekt til ein lågare pris.
Kvifor byte medisin?
Når ein medisin med like god effekt og dei same biverknadene er tilgjengeleg til ein lågare pris, tilrår sjukehusa at den rimelegaste medisinen blir brukt. Dette er fordi sjukehusa ønskjer å bruke pengane på å behandle flest mogleg pasientar. Desse pengane ville elles gått til legemiddelfirmaa.
Kan eg stole på at eg ikkje får fleire biverknader av den nye medisinen?
Fordi den nye og den gamle medisinen inneheld det same aktive stoffet, kan du forvente same effekt, akkurat som at du kan vente at det er dei same biverknadene, som kan oppstå. Om du opplever biverknader, bør du informere legen din om dette, sjølv om du er gjord kjend med at det kan oppstå biverknader. Mange biverknader kan det gjerast noko med. Legen din kan ofte hjelpe deg med å justere behandlinga, så biverknadene blir reduserte, og kanskje forsvinn. Det er veldig individuelt korleis vi opplever biverknader av ein medisin, og derfor ønskjer Legemiddelverket å høyre frå pasient og pårørande. Du kan melde biverknader inn til Direktoratet for medisinske produkt (tidlegare Legemiddelverket) på www.dmp.no.