En person som sitter ved et skrivebord med en datamaskin og hodetelefoner på

Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK)

Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral AMK Ved akutte situasjonar i Møre og Romsdal, er det viktig å ringe medisinsk naudtelefon 113. Anropet ditt blir motteke av Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) Møre og Romsdal. Når du ringer naudtelefonen, er det essensielt å gi følgjande informasjon: Adresse og kommune: Kvar skjer hendinga? Telefonnummer: Nummeret du ringer frå. Kva har skjedd? Kort skildring av situasjonen.

AMK Møre og Romsdal held til ved Ålesund sjukehus og betener 113-anrop frå hovudsakleg Møre og Romsdal. I situasjonar der du treng akutt hjelp, og liv og helse er truga, skal du ringe 113.

Naudtelefonen 113 blir svara av spesialopplært helsepersonell som gir råd og rettleiing, og ut frå alvorsgrad alarmerer aktuell helseressurs.

AMK-sentralen er eit viktig knutepunkt mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta, og har eit tett samarbeid med andre aktørar som Politi 112, Brann 110, hovudredningssentralen og frivillige hjelpekorps.

AMK MR betente 244 602 telefonanrop i 2023, av dei var 31 648 113-anrop. Dette er ein auke på 10 % frå året før. Alle førespurnader resulterer i om lag 70 000 tiltak som AMK sette i verk for å støtte pasientforløp i alle hastegrader. AMK-sentralen koordinerer ambulansetenesta i Møre og Romsdal, og i 2023 blei det gjennomført 40 485 ambulanseoppdrag.

Hugs at ved akutte naudssituasjonar skal du alltid ringe 113 og gi så nøyaktig informasjon som mogleg. Besøk også www.113.no for å finne næraste hjartestartar.

Det er livsviktig å gi førstehjelp med en gang en akutt skade eller sykdom oppstår. Her finner du informasjon om førstehjelp i ulike situasjoner.

Her ringer folk i naud, når det verkeleg hastar. Dette er det første spørsmålet dei får når dei ringjer 113: Kvar er du?

Du kan alltid ringje 113 dersom du trur at ein sjukdom, skade eller situasjon er alvorleg. Det er ikkje alltid så lett å vurdere. Då er det viktig at du ringjer likevel.

Helsedirektoratet. Ring 113 – heller ein gong for mykje, enn ein gong for lite . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 19. desember 2022 [henta onsdag 5. mars 2025]. 

Kontakt

Telefon

Heile døgnet

Slik finn du fram

Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Artiklar