Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Endringar i ambulansetenesta HMR

Bakgrunn for saka

Kvifor må ambulansetenesta spare 20 millionar kroner, og kva har styret vedteke? Her finn du bakgrunnen for saka, vilkåra styret sette og korleis prosessen har gått.

Klinikk for prehospitale tenester har ansvaret for dei akuttmedisinske tenestene utanfor sjukehus i heile Møre og Romsdal; bil-, båt- og luftambulanse, AMK-sentralen (113) samt Pasientreiser. Klinikken har verksemd på 35 stader i fylket.  

Helse Møre og Romsdal står i ein svært krevjande økonomisk situasjon, der alle klinikkar og avdelinger er nødt til å spare pengar.

Oppdråget frå budsjettsaka

Klinikk for prehospitale tenester fekk i oppdrag å redusere kostnadane i båt- og bilambulansetenesta med 20 millioner kronar i 2026 (styresak 114/25, 17. desember 2025). Beløpet tilsvarar omtrent to døgnambulansar. Ein døgnambulanse koster om lag 10 millioner kroner i året.  

Ei arbeidsgruppe med representantar frå ambulansetenesta, fagmiljøa, tillitsvalte, verneombod og kommunane utgreia moglege tiltak gjennom våren 2026. Den endelege rapporten frå arbeidsgruppa ble sendt på høyring til alle kommunane i fylket før styret i Helse Møre og Romsdal behandla saka.  

Forståing for at endringane skapar uro

Helse Møre og Romsdal er merksam på at endrinane skapar uro, særleg i område med lange avstandar og avgrensa tilgong på alternative ressursar. Dette er ikkje ei ønskt utvikling og vi har forståing for at endringane vekkjer bekymring. Tiltaket inneber ein reell reduksjon i tilbodet, men er etter ei samla vurdering valt fordi det gir minst konsekvensar for det samla akuttmedisinske tilbodet i fylket. 

Klinikken understreker at innspela frå kommunar og innbyggjarar blir tekne på alvor.

Kva styret har vedtatt

Styret vedtok 17. juni 2026 (styresak 74/26) å erstatte døgnambulansane på Harøya, i Midsund og i Geiranger med ein ein-reddarressurs. Styret sette tre vilkår for gjennomføringa:

  1. Det skal gjerast lokale risiko- og sårbarheitsanalyser (ROS-analyser) for kvart område, i tillegg til den overordna analysen som allereie er gjort
  2. Arbeidet skal skje i dialog med - og med involvering av - kommunane det gjeld
  3. Nødvendige kompenserande tiltak skal vere på plass før endringa trer i kraft

Kva er ein ein-reddarressurs?

Ein ein-reddarressurs er ein ambulansearbeidar eller paramedisinar som rykker ut åleine i ein uttrykningsbil. Ressursen blir sendt ut av AMK og kan gi rask helsehjelp og starte behandling på staden. Uttrykningsbilen er godt utstyrt med medisinsk utstyr, men er ikke utstyrt for å frakte pasientar på båre. Dersom pasienten treng transport til vidare behandling, vil ambulanse bli rekvirert. 

Lenke til sakene

Her er lenke til sakene som blei behandla under styremøtet 17. juni 2026

 

 

Sist oppdatert 09.11.2026