Akutte innleggingar for barn og ungdom
På grunn av enkeltepisodar den seinaste tida, ser vi behov for å informere om nokre generelle rutinar i samband med akutte innleggingar på ungdomspsykiatrisk sengepost i Ålesund.
På denne sengeposten tek vi imot pasientar under 18 år frå heile fylket som har behov for akutt innlegging i psykisk helsevern.
Barn og ungdom med intoksikasjon, inkl. alkohol, må først bli vurdert med omsyn til sin somatiske tilstand. Behov for overvaking og eventuelt medisinsk tilsyn må vere avklart før ein vurderer overflytting til psykisk helsevern. Overføring til og samarbeid med psykisk helsevern blir vurdert i kvart enkelt tilfelle.
Vidare ser vi ein del døme på at barn og ungdom under 18 år blir sendt til akutt innlegging utan at samtykkekvalifiserte føresette er tilstades og/eller er informert. Innlegging av barn under 16 år kan berre gjennomførast dersom foreldre/føresette godkjenner innlegginga.
For ungdom over 16 år gjeld at foreldra skal vere informert. Innlegging på akuttpsykiatrisk sengepost er av så stor betyding for at foreldrene skal kunne utøve sitt foreldreansvar, at dei skal vere informert (lov om barn og foreldre). Dette til tross for at ungdom over 16 år har sjølvstendig samtykkekompetanse til helsehjelp.
For meir informasjon.
Ta kontakt med avdelingssjef Manuela Strauss, telefon 70 16 72 00 (ekspedisjon).