Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dialogbaserte møte i Barn og unges helseteneste

For å sikre heilskaplege, samanhengande og koordinerte tenester til barn og unge med psykiske vanskar og lidingar, nyttar barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal dialogbaserte møte som arbeidsmetode i utvalde situasjonar.

Dialogbaserte møte er retta mot barn og unge der det er uklart kva for tenestenivå som er mest rett for vidare oppfølging.

Metoden legg til rette for systematisk samarbeid mellom kommunale tenester og spesialisthelsetenesta, med mål om ei felles fagleg vurdering når tenestene er usikre på vegen vidare.

Føremål og målsetting

Hovudmålsettinga er å sikre at barn og unge i slike avklaringssituasjonar får rett hjelp – på rett stad – til rett tid, gjennom:

  • tverrfagleg vurdering i situasjonar med uklart hjelpebehov
  • tydeleg ansvarsfordeling mellom involverte tenester
  • styrka samhandling og informasjonsflyt
  • forutsigbare og trygge pasientforløp

Dialogbaserte møte blir nytta både tidleg i eit forløp og ved overgang frå spesialisthelsetenesta til kommunen, særleg når det er behov for felles vurdering av vidare tiltak.

Når møtet blir gjennomført i samband med avslutning i spesialisthelsetenesta, skjer dette før ferdigstilling av epikrise. Dette gir involverte tenester høve til å avklare konkrete tiltak, ansvar og oppfølging i samarbeid, og styrkjer kontinuiteten i pasientforløpet.

Organisering og deltaking

Dialogbaserte møte er faste, prioriterte møtepunkt der relevante fagpersonar med beslutningsmyndigheit deltek.

Følgjande tenester er normalt representerte

  • Kommunal psykisk helse- og rusteneste for barn og unge
  • Helsestasjon- og skulehelseteneste
  • Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
  • Oppvekstsektor / skule
  • Barnevernsteneste
  • Kommuneoverlege/fastlegar
  • Psykisk helsevern for barn og unge (BUP)

Ved behov kan ytterlegare faginstansar inkluderast for å sikre fagleg forsvarlege vurderingar.

Samtykke, informasjon og personvern

Drøfting av enkeltsaker i dialogbaserte møte føreset gyldig samtykke frå føresette eller ungdommen sjølv, i tråd med gjeldande regelverk for samtykkekompetanse.

Den som initierer saka har ansvar for å informere om:

  • formålet med møtet
  • deltakarar
  • kva som skal drøftast
  • korleis teieplikt og personvern blir ivareteke
  • rettar knytt til medverknad og samtykke

Etter møtet skal det gis tilbakemelding om vurderingar og vidare plan, tilpassa mottakar sin språk- og forståingskompetanse.

Sist oppdatert 29.05.2026