Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Avrusing TSB Ålesund

Vi tek imot pasientar med rusmiddelproblem over 18 år. I spesielle tilfelle, og i tett sammarbeid med barnevern, kan vi ta imot pasientar under 18 år. Vi tilbyr både planlagde og rusakutte innleggingar og har 17 døgnplassar. Lengd på planlagd behandling hos oss skal vere individuelt tilrettelagt, men vanleg behandlingstid er 1 – 4 veker.

Innlegging skjer frivillig etter Spesialisthelsetjenesteloven § 3-12. Vi tek også imot innleggingar uten eige samtykke etter Helse og Omsorgstjenesteloven § 10-2,10-3 og 10-4

Seksjonen har låste dører og du får gå turar ut ifølgje med personal.  Det er avgrensa tilgang til besøk og vi oppfordrar deg til å levere inn mobiltelefonen under innlegginga. Vi ønskar å skjerma deg frå impulsar frå omgivelsane i den første fasen, og at du i denne fasen berre har kontakt med dine nærmaste pårøyrande. Vi kan tilby deg bruk av telefonen vår.


Personalet vårt består mellom anna av sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, barnevernpedagogar og legar

Kontakt

Telefon

Sentralbord

70 17 13 50

Forløpskoordinator pasientforløp

91 33 23 55

Vekedagar 08.30-15.30

Postadresse

Ålesund behandlingssenter

Vestmoa 27

6018 Ålesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Resepsjonen ved hovudinngangen.
En bygning med parkeringsplass

Ålesund behandlingssenter

Ålesund behandlingssenter

Vestmoa 27

Ålesund behandlingssenter ligg ca 5 minutts gange nordvest for bussterminalen på Moa. Gå mot Spjelkavik kyrkje. Det er lagt godt til rette med sykkelveg og fortau. 

Parkering

Merk at nye parkeringasreal ikkje er ferdigstilt enno. Det blir jobba med å få dette på plass så raskt som mogleg. Følg skilting på området for parkering. 

Et skjermbilde av et videospill
Merking på bildet:1. Hovudinngang2. Poliklinikkinngang i underetasjen
Dronebilde av ny veg ved Ålesund behandlingssenter

Foto: Christian Ibsen, Statens vegvesen

Oversiktsbilde Ålesund behandlingssenter.
En vei med sykkelfelt

Foto: Gro Kjoss Lynge

Vegen forbi Ålesund behandlingssenter er den første i Ålesund med sykkelveg med fortau. Ver merksam på mjuke trafikantar ved inn- og utkøyring. Innkøyring til Ålesund behandlingssenter til venstre på bildet.

 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

​Besøkstid er alle dagar kl. 17.00-19.00. Ta kontakt med oss før besøket.

Ta kontakt med personalet for informasjon om trådlaust nett.

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta