Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

DPS Volda - Ambulant seksjon

Seksjonen har to team: AHT - Akutt heimebehandlingsteam FACT - Flexible Assertive Community Treatment

Akutt heimebehandlingsteam (AHT)

AHT tilbyr heimebehandling som alternativ til mennesker som opplev akutt psykisk krise og som er på veg til akuttinnlegging ved psykiatrisk avdeling. Teamet har som hovudoppgåve å gi rask helsehjelp for ei tidsavgrensa periode i akuttfasa av eit sjukdomsforløp eller akutt oppstått krisetilstand. Tilbodet i AHT er frivillig og basert på samtykke frå pasienten.
  • Tilbyr akuttpsykiatriske vurderingar, kartlegging av behov og kortvarig heimebehandling.
  • Førebygger utvikling av alvorleg psykisk krise
  • Hindrar unødige innleggingar i sjukehus
  • Gir råd og rettleiing i akutte psykiske krisesituasjonar

Målgruppe

Psykose, alvorlege stemningslidingar og suicidalitet.
Tenesta er for mennesker over 18 år som er busett på Søre Sunnmøre (Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Volda, Ørsta, Vanylven).

Tilvising

For å kome i kontakt med oss må ein ha tilvising frå legevakt, fastlege, anna kommunal psykisk helseteneste eller spesialisthelseteneste. Tilvisinga må vere munnleg pr. telefon.

Opningstider

Mandag - fredag: kl 08.00-22.00.
Laurdag og søndag: kl 12.00-19.30.


Flexible Assertive Community Treatment (FACT)

Gir fleksibel aktiv oppsøkande behandling for pasientar over 18 år med alvorleg psykisk lidelse og samansette behov, som ikkje let seg ivareta gjennom kommune og  anna spesialisthelseteneste, og som har behov for langvarig behandling ambulant. Teamet er per i dag eit spesialisthelsetenesteteam, utan kommunalt tilsette. 

Tilvising

Pasientane må tilvisast frå fastlege eller spesialist.

Opningstider

Mandag - fredag: kl.08.00 - 15.30.

Eigendel

Pasientar som får ambulant behandling, må betale ein eigendel som svarar til polikliniske satsar. Eigendelen blir rekna inn i grunnlaget for frikort.

Kontakt

Telefon

  • Måndag - Fredag 09:00 - 15:30
  • Laurdag - Søndag STENGT

Her når du oss på tvers av teama.

  • Måndag - Fredag 09:00 - 15:30
  • Laurdag - Søndag STENGT

Her når du oss på tvers av teama.

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF

DPS Volda - Ambulant seksjon

Postboks 1600

6026 Ålesund

Slik finn du fram

DPS Volda - Ambulant seksjon

Hamnegata 20

6100 Volda

Åpningstider