DPS Volda - Ambulant seksjon

Seksjonen har to team: AHT - Akutt heimebehandlingsteam FACT - Flexible Assertive Community Treatment

Akutt heimebehandlingsteam (AHT)

AHT tilbyr heimebehandling som alternativ til mennesker som opplev akutt psykisk krise og som er på veg til akuttinnlegging ved psykiatrisk avdeling. Teamet har som hovudoppgåve å gi rask helsehjelp for ei tidsavgrensa periode i akuttfasa av eit sjukdomsforløp eller akutt oppstått krisetilstand. Tilbodet i AHT er frivillig og basert på samtykke frå pasienten.
  • Tilbyr akuttpsykiatriske vurderingar, kartlegging av behov og kortvarig heimebehandling.
  • Førebygger utvikling av alvorleg psykisk krise
  • Hindrar unødige innleggingar i sjukehus
  • Gir råd og rettleiing i akutte psykiske krisesituasjonar

Målgruppe

Psykose, alvorlege stemningslidingar og suicidalitet.
Tenesta er for mennesker over 18 år som er busett på Søre Sunnmøre (Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Volda, Ørsta, Vanylven).

Tilvising

For å kome i kontakt med oss må ein ha tilvising frå legevakt, fastlege, anna kommunal psykisk helseteneste eller spesialisthelseteneste. Tilvisinga må både sendast skriftleg og formidlast munnleg over telefon.
 

Flexible Assertive Community Treatment (FACT)

FACT står for Flexible Assertive Community Treatment som oversett til norsk blir «Fleksibel aktivt oppsøkande behandling». At behandlinga er fleksibel inneber at den kan variere mellom lav- og høgintensiv oppfølging utifrå pasientane sine behov til ei kvar tid. Vi har ei tverrfagleg tilnærming, og det er vanlegvis to behandlarar som deltek i kvar pasientsamtale.

FACT er eit behandlings- og oppfølgingstilbod til personar med alvorleg psykisk liding som møter pasientane der dei lever og bur.

FACT Volda er ein del av det distriktspsykiatriske tilbodet i Helse Møre og Romsdal og har tilsette frå spesialisthelsetenesta. Dei ambulante tenestene blir gitt i samarbeid med kommunane (jf. Samarbeidsavtalen, Delavtale 1, pkt. 1.2 f).

Målgruppe

FACT Volda har som målgruppe personar som har, eller det er mistanke om, alvorleg og langvarig psykisk liding, anten aleine eller i kombinasjon med skadeleg bruk eller avhengigheit av rusmiddel. I tillegg må det ligge føre ein alvorleg funksjonssvikt.

Målgruppa er personar som har:

  • Alvorleg og omfattande svikt i praktisk og sosial funksjon.
  • Behov for koordinert og langvarig behandling og oppfølging.
  • Betydelege vanskar med å nytte andre ordinære tenester.

Vi har følgjande inklusjonskriterium – pasientar som har fleire av følgande punkt:

  1. Har alvorleg psykisk liding, ofte med komorbiditet, eller har behov for utgreiing når det føreligg mistanke om alvorleg psykisk liding.
  2. Har svikt i praktisk og sosial funksjon.
  3. Har langvarig behov for behandling.
  4. Har behov for samordna og tverrfagleg tilnærming.
  5. Ikkje klarer å nyttiggjere seg ordinær poliklinisk behandling.
  6. Har behov for ambulant oppsøkande behandling.
  7. Kan vere under tvungent psykisk helsevern (TUD) eller dom til behandling.

Eksklusjonskriterium er – pasientar som:

  1. Møter til oppsette avtaler og fungerer i ordinær poliklinikk.
  2. Klarer å regulere kontakt med hjelpeapparatet sjølv.
  3. Har tilstrekkeleg oppfølging frå kommune og/eller anna spesialisthelseteneste.
  4. Har primær rusproblematikk utan alvorleg psykisk liding.
  5. Har alderspsykiatriske tilstander som skal følgast opp i andre avdelingar.

Tilbod

Behandlinga frå FACT-team blir gitt i tråd med nasjonale faglege retningslinjer. Den omfattar medisinsk, sjukepleiefagleg og psykologisk behandling, kunnskapsformidling, samt behandling av samtidig rusliding.

Tilbodet omfattar tre prosessar pasientane kan vere i:

  1. Stabilisering med tett oppfølging av den enkelte.
  2. Behandling, målretta tiltak, kartlegging og diagnostisering. Målet er å betre pasienten sin funksjon og redusere symptoma.
  3. Betring handlar om å støtte pasienten sin betringsprosess der han eller ho formulerer eigne mål og tiltak. Desse blir tydeleggjort i ein behandlingsplan. Vi tilbyr eit program for Individuell meistring og tilfriskning (IMR) som legg vekt på å styrke pasienten sine eigne ressursar og oppnå meistring, livskvalitet og håp.

Behandlingstilbodet i FACT blir gitt samtidig som pasienten får kommunale tenester. Dette krev tett samarbeid og god koordinering. 

Tilvising

Pasientane må tilvisast frå fastlege eller spesialist.

Opningstider

Mandag - fredag: kl 08.00 - 15.30.

Eigendel

Pasientar som får ambulant behandling, må betale ein eigendel som svarar til polikliniske satsar. Eigendelen blir rekna inn i grunnlaget for frikort.

Kontakt

Telefon

  • Måndag - Fredag 09:00 - 15:30
  • Laurdag - Søndag STENGT

Her når du oss på tvers av teama.

  • Måndag - Fredag 09:00 - 15:30
  • Laurdag - Søndag STENGT

Her når du oss på tvers av teama.

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF

DPS Volda - Ambulant seksjon

Postboks 1600

6026 Ålesund

Slik finn du fram

DPS Volda - Ambulant seksjon

Hamnegata 20

6100 Volda

Åpningstider

  • I dag 08:00 - 15:30