Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

DPS døgnseksjon Kristiansund

DPS døgnseksjon Kristiansund gir eit høgt spesialisert behandlingstilbod med tilrettelagt utgreiing/diagnostisering og behandling på spesialistnivå, innafor eit breitt spekter av psykiske lidingar, samt rehabilitering. Vi har 2 overlegar i psykiatri begge med klinisk retta doktorgrad, 2 LIS (lege i spesialisering), 1 kst. psykologspesialist og 1 psykolog i spesialisering som utgjer behandlarteamet saman med ei tverrfagleg gruppe helsepersonell i seksjonen. Sommarstenging: Døgnbehandling DPS Kristiansund har sommarstengt frå 22. juni til 19. juli. Døgnbehandling DPS Molde har ope i denne perioden.

Helse Møre og Romsdal har i alt fem distriktspsykiatriske senter (DPS) der eitt ligg i Kristiansund. DPS Kristiansund består av ein DPS almennpsykiatrisk poliklinikk og eit DPS døgntilbod som samarbeider nært. DPS Kristiansund tilbyr primært tenester til innbyggjarar i Nordmørskommunane Kristiansund, Averøy, Tingvoll, Halsa, Surnadal, Rindal, Aure og Smøla. Men sidan det er fritt val av behandlingsstad har vi også gitt behandlingstilbod til dømes til innbyggjarar i Molde, Fræna, Vestnes og Rauma. Vi har 18 døgnplassar og av desse er 2 brukarstyrte plassar.

Behandling

Behandlingstilbodet er tverrfagleg, individuelt tilpassa og heilskapleg lagt opp med mellom anna individuell psykoterapi, medikamentell behandling, ECT behandling, traumebehandling, kognitiv terapi, eksponeringstrening eller samtalar/rådgiving.  Det er tilbod om støttesamtale/fokussamtale spesielt på ettermiddag og kveld. Støttesamtalen er konsentrert om «her og no» og er løysingsorientert.

Brukarmedverknad er sentralt gjennom behandlingsopphaldet. Det vert spesielt fokusert på strukturert miljøterapi, samtalegruppe, kreativ gruppe, psykoedukasjon, metakognitiv terapi. Fysisk aktivitet som del av behandlingstilbodet og sosial eksponering: Turgruppe, trimgruppe, bevegelsesgruppe og klatring (under rettleiing av aktivitør, ergoterapeut og sjukepleiar) kan gi erfaringar som bidreg til auka mestringskjensle og sosial tilknyting/felleskap. Fysisk aktivitet fremmer god helse ved blant anna å gi meir energi og overskudd. Samstundes kan fysisk aktivitet redusere stress, angst og depressive symptom og bidra til betre sjølvbilde og søvnkvalitet.

Bilde av døgnseksjonen

Eit av våre pasientrom. Romma er og utstyrt med eige bad og wc.
Eit av våre pasientrom. Romma er og utstyrt med eige bad og wc.

  

Familierom
Seksjonen har to barneansvarlege for barn som pårørande. Vi har innreidd eit eige besøksrom som er tilrettelagt forbarnefamiliar. Her er det leikekrok, ei hyggeleg sittegruppe og minikjøkken.

 

Familierom
Bilde av kjøkken og spisestove
Kjøkken og spisestove.

 

Innlegging ved døgeininga skjer etter søknad eller tilvising frå:

  • Fastlege
  • teste for psykisk helsevern der du bur
  • Poliklinikkar for psykisk helsevern i Helse Møre og Romsdal
  • Sjukehusseksjonar i Helse Møre og Romsdal
  • Ambulante akutteam i Helse Møre og Romsdal. Det er eit eige ambulant akutteam knytt til DPS Kristiansund. Dei har ope frå kl 08:00 - 21:30. Utanom opningstida til Ambulant Akutteam, kan du ringe rettleiingstelefonen hos DPS Kristiansund døgnseksjonen 

     

 

Kontakt

Postadresse

DPS Kristiansund

Døgnseksjon

Nordalsveien 37

6516 Kristiansund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Nordlandsveien 37
6516 Kristiansun

Distriktspsykiatrisk senter Kristiansund.

Nordlandet i Kristiansund

Norddalsveien 37

Norddalsveien 37, 6516 Kristiansund

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Måndag - søndag: kl 16.00 - 20.00

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.