Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

DPS døgnseksjonen Molde

DPS døgnseksjonen Molde har 16 døgnplassar, der to er brukarstyrte. Tilbodet er utgreiing, behandling og rehabilitering innanfor eit breitt spekter av psykiske lidingar. Spesielt blir det fokusert på miljøterapi og fysisk aktivitet i tillegg til ulike individuelle og gruppebaserte tilnærmingsmåtar. Sommarstenging: Døgnbehandling DPS Molde har sommarstengt frå 20. juli til 16. august. Døgnbehandling DPS Kristiansund har ope i denne perioden.

Helse Møre og Romsdal HF har fem distriktspsykiatriske senter (DPS) der eitt ligg i Molde. DPS Molde ligg i Knausensenteret om lag 2 km aust for sentrum og består av to seksjonar, ein DPS allmennpsykiatrisk poliklinikk og eit DPS døgntilbod som samarbeider nært. DPS Molde har primært tenester til innbyggjarar i kommunane Sandøy, Misund, Aukra, Vestnes, Rauma, Molde, Hustadvika, Gjemnes, Nesset og Sunndal.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Nøisomhedsvegen 12
6416 Molde

En bygning med biler parkert foran

Knausensenteret

Nøisomhedvegen 12

6416 Molde

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ ved hovudinngangen på Knausen. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag - fredag: 11.00 - 14.00
  • Laurdag og søndag: stengt

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.