Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

DPS døgnseksjon Volda

Volda DPS døgnseksjon er eit av 4 distriktspsykiatriske senter i Klinikk for psykisk helse og rus. Døgnseksjonen har 12 sengeplassar, der to er brukarstyrte og ei blir disponert av Akutt heimebehandlingsteam. Vi gir tilbod om tverrfagleg utgreiing og behandling til pasientar over 18 år med psykiske lidingar. Vi legg stor vekt på samarbeid med pasient, pårørande og kommunale instansar. Opptaksområdet er Søre Sunnmøre. Sommarstenging: Døgnbehandling DPS Volda har sommarstengt frå 20. juli til 16. august. Døgnbehandling DPS Vegsund har ope i denne perioden.


Behandlingstilbod

Volda DPS har eit samansett behandlingstilbod. Dei ulike faggruppene arbeider saman for å oppnå best mogleg resultat under opphaldet. Vi tilbyr tverrfagleg utgreiing og behandling. Kjerna i behandlingstilbodet er miljøterapi. Gjennom å delta i målretta aktivitetar i miljøet/fellesskapet, skal pasienten kunne oppnå å fungere betre både psykisk og sosialt.  

Kven jobbar her? 

Psykiater, psykologspesialist, psykolog, lege i spesialisering, sjukepleiarar, aktivitør, spesialsjukepleiarar, sosionom, barnevernspedagogar og fysioterapeut.  

Innleggingsdagen

På innleggingsdagen får du samtale med behandlar som kan vere lege i spesialisering, psykolog, psykologspesialist eller psykiater. Behandlar vil, saman med deg, ha ansvar for å utforme plan for behandlinga.  

Praktisk informasjon 

  • Møt opp i resepsjonen når du kjem 
  • Alle pasientromma er einerom med bad og dusj 
  • Felles kjøkken og stove 
  • Vi har vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel 
  • Vi har besøksrom der du kan ta imot besøk  
  • Ta med gode kle og sko til inne- og uteaktivitetar  
  • Du kan ta med eigen bærbar pc og liknande, vi har trådlaust nett  

Permisjonar   

Permisjonar blir avtalte individuelt som ein del av behandlingsopplegget.  

Rus 

Alkohol og andre russtoff påverkar grunnleggande fungering. Både alkohol, narkotiske stoff og enkelte former for legemiddel verkar inn på mentale tilstander. Desse kan både utydeleggjere og øydelegge for overordna mål i ei behandling. Vi legg vekt på at vårt møte med pasientane her skal foregå utan at pasienten er ruspåvirka. Hos oss er det difor ein føresetnad at ein er rusfri. Rustestar kan vere aktuelt ved mistanke om rusbruk.  

Brukarmedverknad 

Pasienten sin erfaringskunnskap og eigeninnsats er viktige ressursar i behandlinga. Vår felles oppgåve er å skreddarsy eit behandlingsopplegg som i størst muleg grad samsvarer med måla pasienten har for opphaldet. Behandlingsplan og individuell plan er nokre verktøy som kan nyttast i dette arbeidet. Vi ønsker at pasienten sjølv i størst muleg grad er med og utformar desse planane. I samråd med pasientane jobbar vi elles aktivt med å leggje til rette for eit godt samarbeid med pårørande og kommunale tenester.  

Pårørande - viktige medspelarar   

Pårørande har ei viktig rolle i nettverket rundt pasienten. Dei har også kunnskap om pasienten sitt liv og korleis sjukdommen kan setje sitt preg på kvardagen. Denne kunnskapen kan vere svært verdfull å ha med som grunnlag for å setje rett diagnose, utforme eit heilskapleg behandlingsopplegg og evaluere mål og tiltak.  
Næraste pårørande har rett til generell informasjon, for eksempel informasjon om ein diagnose og vanlege behandlingsformer for denne. Dersom pasienten samtykker, har næraste pårørande også rett til informasjon om pasienten sin tilstand og behandlinga som blir gitt.   

Barn som pårørande

Helsepersonell skal bidra til å ivareta mindreårige barns behov for informasjon og oppfølging som følge av foreldre sin sjukdom, skade eller rusmiddelavhengigheit. Vi har eigen barneansvarleg med kompetanse til å fremje og koordinere oppfølging av barn som pårørande.  

Tilvisingar   

Pasientar kan tilvisast frå fastlege eller anna spesialisthelseteneste, og vi følger «Prioriteringsveilederen i psykisk helsevern for voksne» når tilvisingane vert vurdert. Alle tilvisingar vert vurderte i eit felles inntaksråd der det alltid er spesialist til stades. 

 

Kontakt

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF

DPS Volda døgnseksjon

Volda sjukehus

Boks 113

6101 Volda

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Sengeposten er lokalisert i sjukehusbygninga. Inngangen er på vestsida av bygget, rett inn frå parkeringsplassen. Du finn oss i 1. etasje.
En stor bygning med et tre foran seg

Volda sjukehus

Kløvertunvegen 1

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ
  • Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking. 
Kart
  1. Hovudinngang
  2. Akuttmottak
  3. Volda DPS
  4. BUP
  • Grøn markering: Parkering for pasientar og besøkande
  • Oransje markering: Parkering for HC
  • Raud markering: Parkering for blodgivarar (ingen avgift) 
  • Lilla: Ladestasjon
  • P: Parkeringsautomatar

 

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser

Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.

Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Volda sjukehus

Fly

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus.

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid kl 16.30 - 21.30, eller etter avtale. 

Både barn og vaksne, som er pårørande, må gjerne kome på besøk. Vi prøver å legge til rette for besøk av barn. Vi har ein del leiker og ein leikekrok på eine besøksrommet. 

Ta kontakt med personalet når du kjem. 

Besøkstid kl. 17.00-19.00 alle dagar. 

Ta kontakt med aktuell avdeling før besøket. ​


På barselavdelinga gjeld følgjande besøkstider​​​​​​

For partnar som ikkje er innskriven i avdelinga saman med mor er kjernetida for besøk mellom kl 10.00-20.00.

Besøkstid for søsken og besteforeldre mellom kl 17.00 og 18.00.

Vi anbefaler ro rundt mor og barn i barseltida på sjukehuset.​​

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

08.00–16.30

Kantina

Hos oss får du god heimelaga mat til gode prisar. 

Middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00. I tillegg har vi litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.