Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ny hovudinngang frå 1. oktober
1. oktober opna den nye hovudinngangen ved Ålesund sjukehus. Samtidig har vi fått frivillige sjukehusvertar som kan svare på spørsmål og hjelpe deg til å finne fram på sjukehuset. Den gamle hovudinngangen vart stengt frå same tidspunkt.
Sikkerheitspsykiatri Sunnmøre er ein sikkerheitspost innan psykisk helsevern. Personalet er tverrfagleg samansett med brei kompetanse innan blant anna risikovurdering og handtering, rus, psykiatri, rehabilitering, psykososial behandling og miljøterapi. Sikkerheitspsykiatri Sunnmøre gir tett oppfølging både inne i avdeling og ute i samfunnet gjennom heile behandlinga.
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.
Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Vi har ingen faste besøkstider. Avtal besøk med ansvarsvakt i seksjonen.