Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Psykose Sunnmøre

Psykose Sunnmøre er ei lukka døgneining ved Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre, Ålesund sjukehus. Seksjonen gir et spesialisert tilbod til vaksne med psykoselidingar eller psykotisk tilstand som har behov for utgreiing, stabilisering og tilpasning av behandling utover den akutte fasa. Vi legg vekt på heilskapleg forløp og tett samarbeid med øvrige sjukehuseiningar, DPS, kommunen og pårørande.

Antall sengeplassar

  • 6 einerom med moglegheit for skjerming og strukturert miljøterapi.

Målgruppe

  • Vaksne (18 - 65 år) med psykoseliding eller mistanke om psykose.
  • Pasientar med betydeleg funksjonsfall og behov for lukka døgntilbod som ikkje kan takast i vare poliklinisk eller i åpen post.

Tilvising

Innlagte pasientar

Overføring frå akuttseksjon eller andre sengepostar i Klinikk for psykisk helse og rus etter intern vurdering.

Elektive pasientar

Tilvising frå spesialisthelsetenesta etter poliklinisk vurdering (DPS eller ambulant team).

Korleis tilvise

Via Helseplattformen til seksjonsleiar/teamkoordinator. Tilvisinga skal innehalde:

  • Klinisk status og funksjonsnivå.
  • V-RISK-10 og eventuelt BVC.
  • Suicidalitetsvurdering.
  • Juridisk status.
  • Aktuell legemiddelliste.
  • Somatisk status.
  • Kort anamnese og formål med innlegginga, inkludert grunn for lukka post framfor åpen post og vurdering av forventa varigheit.

Eksklusjonskriterie

  • Høg til moderat aktuell voldsrisiko.
  • Behov for kontinuerleg observasjon (krever høgare sikkerheitsnivå).
  • Alvorleg sjølvskadande framferd med behov for KO eller svært tett oppfølging.
  • Primær rusliding utan psykose.
  • Alvorleg somatisk ustabilitet.
  • Personlegheitsforstyrring utan psykotiske symptom.

Behandling og utgreiing

  • Miljøterapi: Strukturert og støttande behandlingsmiljø med aktivitetar som turdag, gymsal og sosial trening.
  • IMR (Illness Management and Recovery): Kombinasjon av psykoedukasjon og recovery-orientert tilnærming. Dette med mål om å styrke mestringsevne og håp gjennom individuelle mål og praktiske strategiar. Blir tilbydd i gruppe eller individuelt.
  • Psykologisk behandling: Kognitiv atferdsterapi (KAT) ved vedvarende symptom, psykoedukasjon og avklaringssamtalar. Behandling blir tilpassa individuelt.
  • Familiesamarbeid: Tidleg involvering av pårørande, tilbod om psykoedukativt familiesamarbeid (PEF/REACT) der kompetanse er tilgjengeleg.
  • Legemiddelbehandling: Antipsykotika i samvalg med pasient, depotinjeksjonar ved behov, somatisk basisundersøking før oppstart. Benzodiazepiner blir brukt kortast mogleg ut frå klinisk behov.
  • Fysisk helse: Tiltak for fysisk aktivitet og gode levevanar.
  • Utgreiing: Standardisert diagnostikk (SCID-5, PANSS, BPRS), kognitiv testing (WAIS-IV), rus (AUDIT/DUDIT), traume og somatisk screening.

Vi følger nasjonal fagleg retningsline for legemiddelbehandling (helsedirektoratet.no). 

Vanleg opphald

Eit vanleg opphald hos oss er om lag 4 veker for målretta utgreiing og behandlingsoptimalisering, og inntil 12 veker ved behov.

Bemanning

Tverrfagleg team innan psykisk helsevern med sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, psykologspesialistar, psykiatar og legar i spesialisering (LIS). Tilgang til sosionom, fysioterapeut og ergoterapeut ved behov (ikke fast integrert i seksjonen).

 

Kontakt

Telefon

Ekspedisjon

70 10 65 70

Forløpskoordinator pakkeforløp

70 16 73 00

Slik finn du fram

Oppmøtestad

2. etasje, inngang A i psykiatribygget, vest for hovedbygget ved Ålesund sjukehus.

Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Praktisk informasjon

Ta kontakt med oss for å avtale eit besøk. 

Ekspedisjon
70 10 65 70

Vi har eige røykerom og uteområde på avdelinga.