Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Psykose Sunnmøre
Psykose Sunnmøre er ei døgneining ved Ålesund sjukehus. Vi gir eit spesialisert tilbod til vaksne med psykoselidingar eller psykotisk tilstand som har behov for utgreiing, stabilisering og tilpasning av behandling utover den akutte fasa. Vi legg vekt på heilskapleg forløp og tett samarbeid med øvrige sjukehuseiningar, DPS, kommunen og pårørande.
På sengeposten har vi seks einerom med moglegheit for skjerming og strukturert miljøterapi. Vi er ein lukka post, det vil seie at vi har låste ytterdører for å gi trygge rammer for deg og dei andre pasientane. Det inneber at du må kontakte personalet for å gå ut eller kome inn i sengeposten.
Målgruppe
Vaksne (18 - 65 år) med psykoseliding eller mistanke om psykose.
Pasientar med betydeleg funksjonsfall og behov for lukka døgntilbod som ikkje kan takast i vare poliklinisk eller i åpen post.
Tilvising
Innlagte pasientar
Overføring frå akuttseksjon eller andre sengepostar i Klinikk for psykisk helse og rus etter intern vurdering.
Elektive pasientar
Tilvising frå spesialisthelsetenesta etter poliklinisk vurdering (DPS eller ambulant team).
Korleis tilvise
Via Helseplattformen til seksjonsleiar/teamkoordinator. Tilvisinga skal innehalde:
Klinisk status og funksjonsnivå.
V-RISK-10 og eventuelt BVC.
Suicidalitetsvurdering.
Juridisk status.
Aktuell legemiddelliste.
Somatisk status.
Kort anamnese og formål med innlegginga, inkludert grunn for lukka post framfor åpen post og vurdering av forventa varigheit.
Eksklusjonskriterie
Høg til moderat aktuell voldsrisiko.
Behov for kontinuerleg observasjon (krever høgare sikkerheitsnivå).
Alvorleg sjølvskadande framferd med behov for KO eller svært tett oppfølging.
Primær rusliding utan psykose.
Alvorleg somatisk ustabilitet.
Personlegheitsforstyrring utan psykotiske symptom.
Behandling og utgreiing
Miljøterapi: Strukturert og støttande behandlingsmiljø med aktivitetar som turdag, gymsal og sosial trening.
IMR (Illness Management and Recovery): Kombinasjon av psykoedukasjon og recovery-orientert tilnærming. Dette med mål om å styrke mestringsevne og håp gjennom individuelle mål og praktiske strategiar. Blir tilbydd i gruppe eller individuelt.
Psykologisk behandling: Kognitiv atferdsterapi (KAT) ved vedvarende symptom, psykoedukasjon og avklaringssamtalar. Behandling blir tilpassa individuelt.
Familiesamarbeid: Tidleg involvering av pårørande, tilbod om psykoedukativt familiesamarbeid (PEF/REACT) der kompetanse er tilgjengeleg.
Legemiddelbehandling: Antipsykotika i samvalg med pasient, depotinjeksjonar ved behov, somatisk basisundersøking før oppstart. Benzodiazepiner blir brukt kortast mogleg ut frå klinisk behov.
Fysisk helse: Tiltak for fysisk aktivitet og gode levevanar.
Utgreiing: Standardisert diagnostikk (SCID-5, PANSS, BPRS), kognitiv testing (WAIS-IV), rus (AUDIT/DUDIT), traume og somatisk screening.
Eit vanleg opphald hos oss er om lag 4 veker for målretta utgreiing og behandlingsoptimalisering, og inntil 12 veker ved behov.
Bemanning
Tverrfagleg team innan psykisk helsevern med sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, psykologspesialistar, psykiatar og legar i spesialisering (LIS). Tilgang til sosionom, fysioterapeut og ergoterapeut ved behov (ikke fast integrert i seksjonen).
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Parkering i parkeringshuset blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering. Det er i tillegg avsett fleire plassar for HC-parkering i 1. etasje i parkeringshuset.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Dei fleste bussar stoppar ved Passasjen parkering, parkeringshuset nord for hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Gå via parkeringshuset og ta trappa/heisen ned til første etasje der du kjem rett til hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved hovudinngangen.
Kafé
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje, fløy M. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.