Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ny hovudinngang frå 1. oktober
1. oktober opna den nye hovudinngangen ved Ålesund sjukehus. Samtidig har vi fått frivillige sjukehusvertar som kan svare på spørsmål og hjelpe deg til å finne fram på sjukehuset. Den gamle hovudinngangen vart stengt frå same tidspunkt.
Vi tilbyr helsetenester til menneske over 18 år med medfødt eller tidleg erverva funksjonshemming/langvarig sjukdom og kognitiv svikt, som har behov for tverrfagleg habiliteringstenester på spesialistnivå.
Omfattande hjerneskade, motorisk eller sensorisk skade/sjukdom
Sjeldne syndrom
Våre tenester
Diagnostisering og tverrfagleg utgreiing/funksjonskartlegging og behandling etter behov
Direkte oppfølging og rettleiing i pasienten sitt nærmiljø
Kurs/opplæring til pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar i førstelinetenesta
Spesialisert habilitering skal bistå kommunane i utforming og gjennomføring av tiltak der ein nyttar tvang og makt overfor enkelte personar med utviklingshemming etter Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester kapittel 9. Spesialisert habilitering samarbeider med Fylkesmannen i Møre og Romsdal om kompetansehevande tiltak i kommunane i bruk av tvang og makt overfor personar med utviklingshemming.
Tilvising
Habiliteringstenesta ønskjer ein mest mogeleg tverrfagleg tilvisng. For å få til eit best mogeleg tilbod for pasienten, er det viktig at habiliteringstenesta er i dialog med dei fagpersonane som jobbar med pasienten lokalt. Tilvisinga skal i tillegg til problemstillinga innehalde aktuell medikamentliste og tidlegare og noverende sjukehistorie og sendast inn av lege.
Passasjen parkeringshus opnar mandag 8. desember kl 11.00. Denne dagen er det gratis parkering for besøkande.
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.
Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Besøkande kan få parkeringsbevis ved å ta kontakt med ekspedisjonen i femte etasje.
Du får tildelt ein saksansvarleg som har hovudansvaret for vidare oppfølging i habiliteringstenesta.
For at vi skal kunne hjelpe deg best mogeleg, vil vi be om tillating til å hente inn informasjon frå andre instansar. Vi kan ikkje gjere dette før vi har fått samtykke frå deg eller vergen din.
Vi har teieplikt, og det er du som bestemmer kven som skal få opplysingar om deg og din sjukdom.