Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Anestesi Kristiansund

Vi tilbyr tenester knytt til mellom anna bedøving av pasientar som skal til operasjonar og undersøkingar.

Pasientar som skal inn til operasjon er ofte opptekne av kva slags bedøving som trengst for å gjennomføre inngrepet. Mange har også spørsmål til anestesipersonellet. Dersom nokon ønskjer det, eller ved behov får ein  tilsyn av anestesilege og/eller anestesisjukepleiar før operasjonen. Det er viktig for oss at du som pasient, gjer så godt du kan, når du fyller ut skjemaet «Pasientens spørreskjema Anestesi». Dette gir oss eit godt utgangspunkt for val av anestesimetode, vurdering av tilstanden din og dine eigne ønskje.

Dersom du skal ti operasjon kan du få time ved anestesipoliklinikken om du ønskjer det, eller anestesilegen kan snakke med deg før operasjonen. Der vil det bli bestemt kva bedøving du kan få under operasjonen, og du vil få svar på spørsmål som du har.

Følgje inn i operasjonsavdelinga

Som hovudregel kan ein ikkje følgje pasientar inn i operasjonsavdelinga. Grunnen er strenge krav til ferdsel, hygiene og uniformsreglement i ei slik avdeling.
Foreldre til barn kan følgje barnet inn på operasjonsstova og vere tilstades til barnet har fått bedøving. Pasientar som skal til planlagt keisarsnitt (elektiv sectio) kan, etter avtale med gynekolog/jordmor, ha ein vaksen person med seg under forløysinga av barnet. Det er under alle forhold foto- og filmeforbod i operasjonsavdelinga.

Kontakt

Postadresse

Anestesi Kristiansund Kristiansund sjukehus Herman Døhlens vei 1 6508 KRISTIANSUND

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Anestesipoliklinikken ligg på plan 0.
Når du kjem inn hovudinngangen, gå/ta heisen ein etasje ned og gå til mottakinga.
Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

SNR Kristiansund

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund

​​Besøksparkering på tilvist stad.
 
  • Kjøp billett på parkeringsautomat eller i mobillapp (EasyPark eller Kristiansund parkering) ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appene EasyPark og Kristiansund parkering er også gode betalingalternativ ​
  • Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking. 
Kart
Grøn markering: parkering for besøkande. Oransje markering: HC-parkering. Raud markering: For blodgivarar. Lilla markering: ladestasjon

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser

Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.

Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Bussen går innom busslomma ved SNR Kristiansund. Unntak er FRAM ekspress, men den korresponderer med bybussen.

Fly

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå SNR Kristiansund.

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–17.30

Laurdag og søndag: stengt

Kantina​​​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar. Du finn oss i 2. etasje. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 10:00 - 13:00
  • Helg og høgtid: stengt  

Kiosk

Vi har sjølvbetjent kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus. Her kan du kjøpe kaffi frå Espresso House og mineralvatn, smoothies, påsmurt, salatar, sjokolade, bollar, drops, magasin, hygieneprodukt og accessories frå vareskap. Kiosken er alltid open. Her er også enkle kafébord.

 

En person som holder et kamera
Kaffibar
Et rom med bord og TV og plante
Sjølvbetente vareskap, tilgjengeleg heile døgnet. 

 

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.