Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kliniske støttefunksjonar SNR Kristiansund

Seksjonen inneheld fysioterapi, ergoterapi, klinisk ernæringsfysiologi, logoped og sosionom, og vi har ansvaret for desse tenestene til dei fleste somatiske avdelingane ved SNR Kristiansund. Vi samarbeider tett med dei ulike yrkesgruppene på huset.

Seksjonsleiar: Eva Bentz

Alle våre faggrupper bidreg med undervisning på Lærings- og meistringskurs.

Fysioterapi tar utgangspunkt i mennesket sine ressursar og stimulerer til ansvar og eigenmeistring. Optimal funksjon og bevegelsesglede er sentrale mål for fysioterapeutars yrkesutøving. Fysioterapi er eit tilbod til enkeltpersonar og grupper av pasientar der siktemålet er å betre og halde ved like funksjon og hindre eller kompensere for funksjonssvikt.

Fysioterapeutane arbeider ut frå funksjon og problemstilling. Vi koplast inn ved poliklinisk verksemd når det er behov for det.

Fysioterapeutane samarbeidar nært med dei andre faggruppene ved SNR Kristiansund. Vi er med i kartlegging og diagnostisering av pasientar. Vår oppgåve er å kartlegge funksjonsevna og kva for ressursar pasientane har for å betre funksjon og eigenmeistring. I dette arbeidet brukar vi ulike metodar, til dømes funksjonstestar, kartlegging av bevegelsesbegrensningar og smerte, samt analyse av livssituasjon.

Vi kartlegg funksjonsevne og set i verk tiltak. Tiltaka kan omfatte øvingsterapi, funksjonstrening, rådgiving, rettleiing og opplæring. Det bidrar til betre meistring og motiverar til gode arbeidsmåtar og levevanar. Vi tilviser til ulike samarbeidspartnarar for vidare behandling dersom vi finn det nødvendig.

Einingar ved SNR kan tilvise pasientar til oss.

Ergoterapeutane jobbar i hovudsak etter tilvisingar frå sjukehusets sengepostar og poliklinikkar. Vi deltar i utredning, kartlegging og behandling av pasientar. Vi er ein del av tverrfaglege team innan slag/geriatri, ortogeriatri og palliasjon. Vi vurderar behov for tilrettelegging i heimen der tilrettelegging er nødvendig før utskriving. Dette kan også skje i samarbeid med kommunale terapeutar. Vi gir også tilbod til pasientar med handskade/som er operert i hand, med bl.a tilpassa trening og tilpassing av ortosar.

Einingar ved SNR kan tilvise pasientar til oss.

Ein klinisk ernæringsfysiolog (kef) er autorisert til å drive kost- og ernæringsbehandling gjennom ei 5-årig utdanning på masternivå. Ein klinisk ernæringsfysiolog driv spesialisert behandling og rådgiving innan ernæring til barn og vaksne. Konsultasjon og behandling kan innebere:

  • Strukturert kartlegging av kosthold og ernæringstilstand
  • Vurdering av ernæringsstatus
  • Ernæringsbehandling med spesialkost/ individuelt tilpassa kost
  • Næringsdrikker, sondeernæring eller intravenøs ernæring

Klinisk ernæringsfysiolog arbeidar i tråd med Helse Møre og Romsdal sin ernæringsstrategi for 2020-2030.
Ernæringsstrategi HMR HR 2020-2030 (PDF)

Einingar ved SNR, fastlegar og legar ved andre sjukehus som behandlar pasientar tilhørande Nordmøre kan tilvise pasientar til oss. 

Kontakt

Telefon

Telefontid: måndag og torsdag 08.00-11.00
SMS nyttast for å endre/avbestille timar eller kome i kontakt med fagpersonar. SMS må innehalde ditt namn, når du har time, og om denne skal flyttast eller om du ønsker å avslutte oppfølginga. Ved behov for fagperson, spesifiser kven og kva det gjeld.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Våre ulike fagområde har ulike oppmøtestader:

  • Ergoterapi: Plan -1. Inngang via hovudinngangen.
  • Fysioterapi: 2. etasje, merka "Fysikalsk avdeling" Inngang via hovudinngangen.
  • Klinisk ernæringsfysiolog: 3. etasje, merka «Poliklinikk klinisk ernæringsfysiolog». Inngang via hovudinngangen.
Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

SNR Kristiansund

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund

Praktisk informasjon

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–17.30

Laurdag og søndag: stengt

Kantina​​​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar. Du finn oss i 2. etasje. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 10:00 - 13:00
  • Helg og høgtid: stengt  

Kiosk

Vi har sjølvbetjent kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus. Her kan du kjøpe kaffi frå Espresso House og mineralvatn, smoothies, påsmurt, salatar, sjokolade, bollar, drops, magasin, hygieneprodukt og accessories frå vareskap. Kiosken er alltid open. Her er også enkle kafébord.

 

En person som holder et kamera
Kaffibar
Et rom med bord og TV og plante
Sjølvbetente vareskap, tilgjengeleg heile døgnet. 

 

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.