En gruppe mennesker som poserer for et bilde

Kommunikasjon og samfunnskontakt

Kommunikasjonsavdelinga i Helse Møre og Romsdal har ansvaret for både intern og ekstern kommunikasjon. Det inneber god kommunikasjon både internt på sjukehusa og mellom sjukehusa og pasientar, pårørande, media og befolkninga generelt. Vi bruker ulike kanalar, som for eksempel eigne nettsider, sosiale media og ulike trykksaker.

Send oss ein e-post
Finn oss på kartet (google maps)

Vi hjelper journalistar med opplysningar og formidlar kontakt med dei rette personane så langt råd er. Helseføretaket har ikkje nokon turnus for pressevakt, og dersom det ikkje gjeld akutte hendingar ber vi om at media tek kontakt på kvardagar i ordinær arbeidstid.
Kontakt Kommunikasjonsavdelinga:

  • info@helse-mr.no Vi les kun e-post kvardager i ordinær kontortid dersom ikkje anna er avtalt.
  • Vakttelefon: (+47) 94 17 61 73  (NB! SMS fungerer ikkje på vakttelefonen)

Les meir om mediekontakt

Vi legg til rette for meiroffentlegheit, og det betyr at dei fleste dokumenta vi har i arkivet vårt er tilgjengeleg for publikum. I postjournalen finn du informasjon om alle typer dokument. Sjølve dokumenta er ikkje tilgjengeleg, men du kan be om å få innsyn ved å sende e-post til postmottaket. Postlister som er nyare enn tre måneder ligg tilgjengeleg på nettet, men om du ønskjer å sjå eldre postlister må du sende ein e-post til postmottaket. 

Postjournalen finn du her
Send e-post til postmottaket
Reglar for innsyn finn du i Offentleglova

Kontaktinfo til styreleiar og sakspapir for styret i helseforetaket finn du på vår styreadministrasjon.

Kommunikasjonsavdelinga si viktigaste oppgåve er å gi relevant informasjon til medarbeidarane om det som skjer i helseføretaket. Det skjer hovudsakleg gjennom intranettet, ein felles kommunikasjonskanal for heile føretaket der alle tilsette kan bidra. Vi sender også ut nyheitsbrev til alle tilsette. Kommunikasjonsdirektøren er ein del beredskapsleiinga i helseføretaket. Kommunikasjonsavdelinga hjelper også til  med å formidle kontakt mellom journalistar og fagfolk i saker der problemstillingar og tema er interessante for pasientar og pårørande. Vi med å kvalitetssikre tekst og bistår i utforming av materiell, ta bilde og lage enklare videoar.

Kommunikasjonsavdelinga har også ansvaret for å produsere og publisere innhald til helse-mr.no, og vi har ansvaret for helseføretaket på Facebook, Instagram og LinkedIn. Vi formidlar også nyheiter frå sjukehuset av allmenn interesse.

Kommunikasjonsavdelinga bidrar med strategisk og praktisk rådgiving i både interne og eksterne prosjekt og i mediesaker der avdelingar eller andre ønskjer bistand. Vi tilbyr rådgiving for avdelingar som ønskjer å bruke intranettet og Teams som arbeidsverktøy og kommunikasjonsplattform. Vi tilbyr også rådgiving for korleis informasjon kan formidlast gjennom helse-mr.no. 

Logoen skal brukast i samsvar med nasjonalt profilprogram for helseføretaka.

Nasjonalt profilprogram (pdf)

Logo Helse Møre og Romsdal (ai)

Logo Kristiansund sjukehus (ai)

Logo Molde sjukehus (ai)

Logo Volda sjukehus (ai)

Logo Ålesund sjukehus (ai)


 

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 16:00
  • Tysdag 08:00 - 16:00
  • Onsdag 08:00 - 16:00
  • Torsdag 08:00 - 16:00
  • Fredag 08:00 - 16:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Administrasjonsbygget, Åsehaugen 1. Første veg til høgre etter lyskrysset på Borgundvegen.
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Nyheiter

  • To kvinner som står ved siden av hverandre
    16. februar 2024
    Vibeke Devold Valderhaug ny konstituert forskingssjef

    Den 1. februar gjekk Anne-Sofie Furberg av som forskingssjef i Seksjon for forsking og innovasjon ved Helse Møre og Romsdal. Vibeke Devold Valderhaug er no konstituert i stillinga.

  • Grafisk brukergrensesnitt, applikasjon
    1. februar 2024
    Nye styremedlemmer for HMR

    Styret i Helse Midt-Norge har utnevnt nye styrer i de fem helseforetakene i regionen. Styrene skal sitte i to år fremover. I utvelgelsen har styret i Helse Midt-Norge lagt vekt å velge styrer som har den rette kompetansen, kapasiteten og legitimiteten i befolkningen.

  • En bygning med en bro over et snødekt fjell
    31. januar 2024
    Tiltak for fødande i Møre og Romsdal

    I samband med ekstremvêret «Ingunn» er det sett i verk tiltak for fødande som nærmar seg termin.