Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Kommunikasjon og samfunnskontakt
Kommunikasjonsavdelinga i Helse Møre og Romsdal har ansvaret for både intern og ekstern kommunikasjon. Det inneber god kommunikasjon både internt på sjukehusa og mellom sjukehusa og pasientar, pårørande, media og befolkninga generelt. Vi bruker ulike kanalar, som for eksempel eigne nettsider, sosiale media og ulike trykksaker.
Vi hjelper journalistar med opplysningar og formidlar kontakt med dei rette personane så langt råd er. Helseføretaket har ikkje nokon turnus for pressevakt, og dersom det ikkje gjeld akutte hendingar ber vi om at media tek kontakt på kvardagar i ordinær arbeidstid. Kontakt Kommunikasjonsavdelinga:
info@helse-mr.no Vi les kun e-post kvardager i ordinær kontortid dersom ikkje anna er avtalt.
Vakttelefon: (+47) 94 17 61 73 (NB! SMS fungerer ikkje på vakttelefonen)
Vi legg til rette for meiroffentlegheit, og det betyr at dei fleste dokumenta vi har i arkivet vårt er tilgjengeleg for publikum. I postjournalen finn du informasjon om alle typer dokument. Sjølve dokumenta er ikkje tilgjengeleg, men du kan be om å få innsyn ved å sende e-post til postmottaket. Postlister som er nyare enn tre måneder ligg tilgjengeleg på nettet, men om du ønskjer å sjå eldre postlister må du sende ein e-post til postmottaket.
Kontaktinfo til styreleiar og sakspapir for styret i helseforetaket finn du på vår styreadministrasjon.
Kommunikasjonsavdelinga si viktigaste oppgåve er å gi relevant informasjon til medarbeidarane om det som skjer i helseføretaket. Det skjer hovudsakleg gjennom intranettet, ein felles kommunikasjonskanal for heile føretaket der alle tilsette kan bidra. Vi sender også ut nyheitsbrev til alle tilsette ved behov. Kommunikasjonsdirektøren er ein del beredskapsleiinga i helseføretaket. Kommunikasjonsavdelinga hjelper også til med å formidle kontakt mellom journalistar og fagfolk i saker der problemstillingar og tema er interessante for pasientar og pårørande. Vi med å kvalitetssikre tekst og bistår i utforming av materiell, ta bilde og lage enklare videoar.
Kommunikasjonsavdelinga har også ansvaret for å produsere og publisere innhald til helse-mr.no, og vi har ansvaret for helseføretaket på Facebook, Instagram og LinkedIn. Vi formidlar også nyheiter frå sjukehuset av allmenn interesse.
Kommunikasjonsavdelinga bidrar med strategisk og praktisk rådgiving i både interne og eksterne prosjekt og i mediesaker der avdelingar eller andre ønskjer bistand. Vi tilbyr rådgiving for avdelingar som ønskjer å bruke intranettet og Teams som arbeidsverktøy og kommunikasjonsplattform. Vi tilbyr også rådgiving for korleis informasjon kan formidlast gjennom helse-mr.no.
Logoen skal brukast i samsvar med nasjonalt profilprogram for helseføretaka.
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Parkering i parkeringshuset blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering. Det er i tillegg avsett fleire plassar for HC-parkering i 1. etasje i parkeringshuset.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Dei fleste bussar stoppar ved Passasjen parkering, parkeringshuset nord for hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Gå via parkeringshuset og ta trappa/heisen ned til første etasje der du kjem rett til hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved hovudinngangen.
Kafé
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje, fløy M. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.