Tid og stad
- Når
-
- 24. nov. 2025, 10:00 - 16:00
- Arrangør
- Nettverk for læring og meistring i Møre og Romsdal arrangerer konferansen. Det er gratis deltaking og bevertning gjennom dagen.
- Kvar
- Quality Hotel Ålesund, Sorenskriver Bulls gate.
- Påmelding
-
Frist for påmelding: 03. nov. 2025, 23:59
Desse møter du på konferansen
-

Olav Lødemel
Administrerande direktør Helse Møre og Romsdal
Olav Lødemel opnar konferansen.
-

Inger Merete Skarpaas
Seniorrådgiver Avdeling folkesykdommer, Helsedirektoratet.
Kva skjer nasjonalt på feltet læring og meistring?
-

Una Stenberg
Seniorforsker og arbeider ved Nasjonalt senter for sjeldne diagnoser, enhet Frambu og Nasjonalt senter for helsekompetanse og mestring, Oslo universitetssykehus
Hvorfor er helsekompetanse så viktig?
- og hva er egentlig effektene?Stenberg har langt fartstid innan lærings-og meisitringsfeltet, både med eigne erfaringar frå praksis og frå arbeid med forskning og kvalitetsutvikling.
-

Helge Skirbekk
Professor og medisinsk sosiolog OsloMet
Korleis kan helsepersonell bygge helsekompetanse med pasientar og pårørande?
Skirbekk er særleg interessert i utvikling av tillitsforhold i helsevesenet, og betydninga av tilliten for helsekompetanse, kommunikasjon, læringssituasjonar, leiing og generelle samfunnsspørsmål.
-

Merete Brungot Kløvning
Pårørandekoordinator Ålesund kommune
Brungot kjem med praksiseksempel frå deira meistringskurs for vaksne etterlatte.
-

Åse Morsund
Avdelingssjef for nevrologi, auge og klinisk støtte SNR, Helse Møre og Romsdal.
Morsund kjem med praksiseksempel frå deira hybridkurs om ME/CFS.

9.15 Dørene opner og registrering
10.00 Velkomen ved administrerende direktør
10.15 Kva blir gjort nasjonalt på feltet læring og meistring? Ved Inger Merete Skarpaas
11.15 Pause
11.30 Kvifor er helsekompetanse så viktig? Ved Una Stenberg
12.00 Lunsj
13.00 Helsekompetanse – og kva er eigentleg effektene? Ved Una Stenberg.
14.00 Pause
14.15 Praksiseksempel frå kurs i Møre og Romsdal
14.45 Korleis kan helsepersonell bygge helsekompetanse med pasientar og pårørende? Ved Helge Skirbekk.
15.30 Avslutning og oppsummering.
16.00 Vel heim!

- Leiarar i kommunar og helseføretak.
- Helsepersonell som jobbar med kurs og gruppebasert opplæring.
- Brukarrepresentantar og medlemmar av brukarorganisasjonar.
Dette er starten for etablering av eit varig nettverk i Møre og Romsdal med fokus på læring og meistring, pasient- og pårørandeopplæring. Målet er betre samhandling, og å auka helsekompetanse hos innbyggarar, pasientar og pårørande i møtet med helsetenestene.
Konferansen vil vere eit gjensidig møtepunkt for å dele og utvikle kompetanse, og styrke samarbeidet innan feltet. Målet med konferansen er å styrke helsekompetansen hos pasientar og pårørande gjennom bedre samarbeid og samhandling mellom kommunar, helseføretak og brukarorganisasjonar i fylket - Helsekompetanse i fellesskap.

Gjennom samarbeidsavtalen mellom helseføretak og kommunar skal ein samarbeide om helsefremmande og førebyggande helsearbeid på ulike måtar på ulike nivå. Nettverket for læring og meistring i Møre og Romsdal vart etablert i 2024 og har sitt opphav frå tidlegare fagleg samarbeidsutval for helsefremming og førebygging i Helsefellesskapet. Arbeidsgruppa i nettverket består av representantar frå helseføretaket og fleire ulike kommunar i fylket.
Nettverket skal vere ein arena på tvers av brukarrepresentantar, kommunane og helseføretaket i fylket, der vi kan skape bedre samhandling og samarbeid innan pasient og pårørande opplæring.
Velkomen til konferanse i Ålesund 24. november!