Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Å nå pasientar og pårørande der dei er

Kvifor ikkje bruke litt av tida di til å høyre på meiningsfulle podcastar knytt til mestring og andre tema relatert til helse? Du kan høyre på erfarne brukarar og fagpersonar - heime i di eiga stove eller der du er.

Publisert 08.12.2021
Illustrasjon mikrofon og lyd

​​Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal jobbar for at pasientar, brukarar og pårørande skal få informasjon, kunnskap og hjelp til å handtere og meistre langvarig sjukdom og endringar i helsa si. Dette er ofte tradisjonelt gjennom fysiske kurs og opplæringstilbod. Det er ikkje alltid ein treng å møte opp fysisk. Vi har samla nokre gode podcastar på denne sida, som kan vere eit supplement til eigenmeistring. 

Podcastane kan opnast frå mobil eller PC, klikk på lenkene under for å lese meir om dei ulike tenestene og episodene. Dei kan også søkast opp direkte i strømmetenestar som Spotify, Soundcloud eller Spreaker.


For å sjå andre kurs og tilbod knytt til Læring- og meistring kan du søke i kurskalenderen på Helse Møre og Romsdal