Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Felles plakat med kurs og gruppetilbod i HMR 2026

No har vi samla kurs og gruppetilbod for pasientar og pårørande i Møre og Romsdal på ein felles plakat. Tidlegare har vi laga eigne plakatar for kvart sjukehusområde – no får du oversikta på eitt sted!

Publisert 14.01.2026
Tabell
Illustrasjon som viser plakat over kurs og gruppetilbod i Helse møre og Romsdal

Plakaten gir ei oversikt over kurs og gruppetilbod som blir arrangert av avdelingane ved sjukehusa i Møre og Romsdal. Her finn du kurs om mellom anna ADHD, autisme, diabetes, hjartesjukdom, KOLS, osteoporose og mange fleire. Nokre av kursa blir tilbydde digitalt eller som hybride løysingar, slik at det blir enklare å delta uavhengig av kvar ein bur. For å delta på kurs trengs tilvising frå lege.

Kursa er utvikla tverrfagleg og i samarbeid med brukarorganisasjonar og brukarrepresentantar – for at innhaldet skal vere ekte, relevant og nært. 

  • Ein trygg stad å lære, spørje og møte andre.

Bruk QR-koden på plakaten for ei komplett oversikt over kursdatoar og fleire tilbod. 

Vi oppmodar alle tilsette, samarbeidspartnarar og brukarorganisasjonar til å dele plakaten og bidra til at tilboda når ut til flest mogleg pasientar og pårørande.