KOM og PRØV digitale verktøy

Ønskjer du å bruke digitale verktøy i undervisning eller opplæring, men kjenner deg usikker på korleis? I haust arrangerer Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse KOM og PRØV, eit tilbud til deg som ønskjer å bli tryggare i bruk av digitale verktøy.

Publisert 06.11.2024
En bærbar datamaskin med lader

KOM og PRØV er eit initiativ innan Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NKLMH) si satsing på digitalisering av kompetanseheving i helsepedagogikk. Det er eit tilbod til deg som er lite kjent med responsverktøy som Slido, og/eller digitale samhandlingstavler som Padlet. Tilbodet er praktisk ferdigheitstrening i desse verktøya. Du får prøve, lage og teste ut ulike funksjonar i det verktøyet du treng å stryke deg i.

Tilbodet er retta mot dei som har lite eller ingen kjennskap til verktøyet frå før. Det går føre seg på Microsoft Teams og er gratis. Det er mogleg å melde seg på eller berre droppe inn same dag.

 

Neste Kom og PRØV er 27.november mellom kl.12:00-14:30. Det er anbefalt å opprette ein brukar i Slido eller Padlet på førehand.

Du kan lese meir om kompetansehevingstiltaket på NKLMH sine heimesider her.