Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Korleis fortelje ei historie som gir håp?

Sit du med erfaringar frå eigen sjukdom og meistring som du gjerne vil dele med andre? Meld deg på brukarhistoriekurs 12. og 19. september i Ålesund.

Publisert 22.06.2022
Sist oppdatert 24.08.2022
Brukarhistoriehurs 2021
Frå brukarhistoriekursi Molde, 2021

Lærings- og meistringssenteret, i samarbeid med FFO og SAFO arrangerer kurs i Ålesund for personar som er og som ønsker å verte brukerrepresentantar. Her skjer viktig erfaringsutveksling mellom brukarar og lærdom til å utvikle si eiga historie.

Korleis kan ein utforme historia slik at den gir håp til andre? Lurer du på om du kan bli ein brukarrepresentant eller berre er nysgjerrig? Meld deg på brukarhistoriekurset 12. og 19. september i Ålesund.

Les meir om påmelding og praktisk informasjon i kursbrosjyra (pdf).

Tilbakemelding frå deltakar på brukarhistoriekurs:
"Har lært masse, fått inspirasjon, ny innsikt og truffet så kjekke mennesker. Veldig takknemmelig for at slike kurs finnes - uvurderlig!"