Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Meistringskurset "Framover"

3. og 10. mai 2022 vert det meistringskurs for vaksne med langvarig eller kronisk sjukdom og deira pårørande. Dette er eit diagnoseuavhengig meistringskurs der ein kan delta uavhengig av kva diagnose eller langvarig utfordring ein har.

Publisert 04.04.2022
Sist oppdatert 24.08.2022
Hestehoiv - Colorbox
Illustrasjonsbilete av hestehov

​Meistringskurset "Framover" er eit tilbod for personar i heile Møre og Romsdal. Kurset haldast i Biblioteksalen, Ålesund Rådhus, tysdag 3. og 10. mai mellom kl. 1700 - 1930. Tilbodet er eit samarbeid mellom Ålesund kommune og Lærings- og meistringssenteret i Møre og Romsdal.

Dette er eit kurs ein ikkje treng tilvising frå legen, så her er det berre å melde seg på sjølv!

Innhald:
  • Identifisering av utfordringar knytt til sjukdom, samt det å vere pårørande
  • Brukar- og pårørandehistorie
  • Korleis kvardagen kan bli påverka
  • Kroppslege endringar, synlege og usynlege plager, psykisk helse
  • Tap og sorg
  • Kommunikasjon, roller og samliv
  • Kvardagsmeistring med kognitive meistringsverktøy
  • Refleksjon og erfaringsdeling

​For påmelding eller spørsmål, ta kontakt med: