Nettverksmøte på tvers av brukarrepresentantar, helseføretak og kommunar i Møre og Romsdal

4.April vart det tredje nettverksmøtet for brukarrepresentantar, ansatte i helseføretak og kommunar i Møre og Romsdal som arbeider med gruppebasert Lærings-og meistringstilbod innan helse gjennomført, denne gongen digitalt.

Publisert 08.04.2025
mange hender som møtes på midten i en sirkel

Foto: colourbox

Om nettverket

I 2024 vart det oppretta eit nettverk for brukarrepresentantar, ansatte i Møre og Romsdal HF og kommunar i fylket som arbeider med gruppebasert lærings- og meistringstilbod innan helse, eller ønskjer å starte opp gruppetilbod innan feltet. 

Nettverket ønskjer å ha ein arena på tvers av brukarrepresentantar, kommunane i Møre og Romsdal og helseføretaket, der vi kan skape bedre samhandling og samarbeid. Vidare er ønsket å få ei større oversikt over kva som finst av gruppetilbod både på sjukehusa og kommunene i fylket, og lære av kvarandre. Med dette håper vi å få til eit felles fagløft ved at vi enklare kan dele informasjon, kunnskap, erfaringar og auke samarbeidet på tvers ved å gjere gape mellom tenestane våre mindre til beste for innbyggarane i fylket vårt. 

Nettverksmøte 4. April 2025

Sist fredag vart det tredje nettverksmøte gjennomført digitalt. Vi var så heldig å få høyre Una Stenberg frå Frambu kompetansesenter for sjeldne diagnoser om helsekompetanse, samt få oppdatert forskning innan feltet. Andre delen av møtet hadde vi gruppearbeid med utarbeiding av innhold i felles kommunikasjonsplattform i Teams vi er så glade for og fått på plass.

 

Om du arbeider med kurs og gruppetilbod innan Lærings-og meistringsfeltet, eller ønskjer og starte opp gruppetilbod innan feltet oppmodar vi deg til å vere med i nettverket. Vi har to nettverksmøter i året, der eine er digitalt. 

Arbeidsgruppa for nettverket består av Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal, pårørandekoordinator i Ålesund kommune, Vanylven frisklivssentral, Molde Frisklivssentral og Utviklingssenteret for hjemmeteneste og sykehjem. I tillegg vil representant frå Lærings og mestringssenteret ved KORUS-midt vere med i arbeidsgruppa framover.

Påvegner av arbeidsgruppa vil vi takke alle som deltok for nok ei nyttig samling ilag. Saman blir vi bedre!