Nettverk for læring og meistring på tvers av helseføretaket og kommunar i Møre og Romsdal
I år har det vorte oppretta eit nettverk for arbeid innan læring og meistring i kurs og gruppetilbod. Det skal vere eit møtepunkt på tvers av kommunar i Møre og Romsdal og helseføretaket der vi kan lære om, og av kvarandre. April i år var første nettverksmøte som vart arrangert digitalt, og 28 oktober i haust møtte nettverket for læring og meistring i Vestnes kommune.
I år er det oppretta eit nettverk for arbeid innan læring og meistring i kurs og gruppetilbod. Det har vorte arrangert to nettverksmøte i 2024. Første møte vart arrangert digitalt i april, og 28 oktober møtte nettverket fysisk for første gong i Vestnes kommune. Nettverket ønskjer å ha eit møtepunkt på tvers av kommunar i Møre og Romsdal og helseføretaket, eit forum der vi kan lære av kvarandre og om kvarandre
Tema for samlinga i oktober var korleis rettleie grupper der sjukehusprest ved Molde sjukehus Håvard Ervik hadde ei fin og nyttig innføring i temaet. Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) v/Nina Kvernmo snakka om brukarmedverknad i gruppeopplæringa, i tillegg til det vart lagt opp til gruppearbeid og erfaringsutveksling.
Nettverket er ein nyttig arena både for helseføretaket og kommunane for å knyte betre kjennskap til kvarandre, og deling av kompetanse og erfaringar innan ulike tema for læring og meistring i kurs og gruppetilbod. Neste nettverksmøte blir til våren igjen, og vi håpar endå fleire får vite om nettverket og blir med framover. Om du arbeider med helsefremming og førebygging, er kursleiar, eller ønskjer å starte opp kurs og gruppetilbod for pasientar, innbyggarar eller pårørande oppmodar vi deg til å vere med.
Arbeidsgruppa for nettverket består i dag av Læring og meistringssenteret i Helse Møre og romsdal, pårørandekoordinator i Ålesund kommune, Vanylven frisklivssentral og Utviklingssenteret for hjemmeteneste og sykehjem. Påvegner av arbeidsgruppa vil vi takke alle som har vore med for innhaldsrike og nyttige møte i 2024, og vi ser fram til vidare arbeid i 2025.