Heilskapleg oppfølging av personar med type 2 diabetes

Det har blitt utarbeida ein ny samhandlingspakke for personar med diabetes type 2. Samhandlingspakken inneheld informasjon til innbyggarar og helsepersonell om opplærings- og oppfølgingstilbod for personar med type 2 diabetes. Pakken har som hensikt å auke samarbeidet mellom frisklivssentralar, fastlegar og lærings- og meistringssenter.

Publisert 19.06.2024
Sist oppdatert 13.08.2024
Diagram
Bilde som viser samhandling mellom helsepersonell rundt personer med type 2 diabetes.

Vanskeleg å finne fram i helsetilboda

Type 2 diabetes er ein kronisk sjukdom som fører til forhøgd blodsukker og som på sikt kan gi alvorlege komplikasjonar utan behandling. Betre kosthald og auka fysisk aktivitet er ofte ein viktig del av behandlinga, i tillegg til medisinar. Personar med type 2 diabetes fortel at oppfølginga dei får kan vere mangelfull eller oppstykka og at det er vanskeleg å gjennomføre livstilendringene som trengst.

 

Helseaktørar må samhandle for å gi personar med type 2 diabetes god oppfølging

Helseinnovasjonssenteret kartla helsetilboda for personar med type 2 diabetes og fann at pasientane kan få meir heilskapleg oppfølging om fastlege, lærings- og meistringssenter og frisklivsentraler samarbeider i større grad. Alle tre aktørane er viktige for god oppfølging, men informerer sjeldan om kvarandre sine tilbod.

 

Samhandlingspakken fremmar heilskapleg oppfølging av pasientar

Basert på intervju av pasientar og helsepersonell har Helseinnovasjonssenteret laga ein pakke med informasjonsmateriell både for personar som har type 2 diabetes og for dei som jobbar med opplæring og behandling. Samhandlingspakken har som mål om å:

  • informere innbyggarar om dei ulike tilboda som finst for personar med type 2 diabetes
  • støtte samarbeid mellom frisklivssentralar, fastlegar og lærings- og meistringssenter for heilskapleg oppfølging av personar med type 2 diabetes

 

Kvar finn du Samhandlingspakken?

Du kan fritt bruke og dele Samhandlingspakken! Alt innhaldet finn du på

helseinnovasjonssenteret.no/prosjekter/samhandlingspakken

Saman kan vi bidra til betre oppfølging og auka kunnskap om type 2 diabetes. Del gjerne denne informasjonen med andre.