Nye kurs og gruppetilbod for pasientar og pårørande i haust
Visste du at Helse Møre og Romsdal fortløpande publiserer kurstilbod på nettet?
Publisert 25.08.2021
Sist oppdatert 19.12.2024

Foto: colourbox
På Pasient og pårørandeopplæringssida til Helse Møre og Romsdal finn du ein søkbar katalog med ulike kurs og gruppetilbod som erstattar aktivitetsbrosjyren som Lærings- og meistringssenteret sende ut tidlegare.
For å sikre at mange får eit godt tilbod fins det no også fleire digitale kurs i tillegg til fysiske kurs rundt om i fylket.
Kanskje finn du eit tilbod til deg eller ein du kjenner?
Ta gjerne kontakt med ein av dei tilsette ved Lærings- og meistringssenteret ved dei ulike sjukehusa i Møre og Romsdal.