Ønsker du å tilby pasient- og pårørandeopplæring digitalt?
Ny rettleiar skal gjere det lettare for alle som vil tilby digital opplæring av brukarar, pasientar og pårørande.
Då pandemien traff oss i mars 2020 vart det bråstopp for pasient- og pårørandeopplæringa i Midt-Norge. Lærings og meistringssentra (LMS) og klinikkane måtte søke andre måtar å drive opplæring på. Det einaste logiske svaret, når folk ikkje kunne møtast fysisk, var å gjere kursa digitale. Dette hadde også vore diskutert tidlegare, og ein sette raskt i gong arbeidet og hausta nyttig erfaring på vegen.
Det var til god hjelp at det var gjort mye forarbeid med digitale konsultasjonar i helseføretaka og frå mars 2020 eksploderte dette arbeidet. For LMS og klinikkane var det mykje å lære. Dette er no samla opp i ein rettleiar for digital gruppeopplæring til bruk for alle som vil få i gong digital pasient- og pårørandeopplæring:
Pedagogikk og teknologi
Gjennomføring av kurs digitalt betyr at pasientar og pårørende sit heime eller annan eigna stad framfor ein skjerm og får undervisning og opplæring via eit videokonferanseprogram. For mange er det ei heilt ny oppleving og det kan vere utfordringar. For å sikre god kvalitet til det beste for deltakarane er det ikkje berre å flytte over kurset slik det var når ein møttes fysisk rett over på ein digital plattform. Forhold som kommunikasjon med deltakarane, diskusjonar, gruppearbeid og lengde på arbeidsøkter opplevast annleis når ein sit framfor ein skjerm. Her har ein hausta mykje erfaring som delest i rettleiaren. Dette gjeld også tekologiske utfordringar og løysingar.Utvikling
Med ulik grad av kompetanse på dette feltet, vart det fort klart at her måtte ein dele på kunnskapen. Fagledernettverket for opplæring av pasienter og pårørende i Helse Midt-Norge satte difor ned ei gruppe som kunne samle erfaringane og lage nettopp ein rettleiar for digital gruppeopplæring.Sidan våren 2021 har gruppa, som er sett saman av tilsette ved dei ulike LMS i Helse Midt-Norge og brukerrepresentantar, jobba saman og utvikla rettleiaren. Ønsket er at den skal gjere planlegging, gjennomføring og evaluering av kurs og opplæringstilbod som går digitalt enklare. Den er praktisk rettet, konkret og skal vere lett å finne fram i og vil bli holdt oppdatert på nett. Dermed kan terskelen for å starte opp nye kurs verte lågare.
Kva skjer fremover?
Lærings –og meistringssentra ved helseføretaka har stort sett hatt undervisning i grupper som har møttest fysisk for undervisning og erfaringsutveksling. Det vil vere ein viktig måte å drive opplæring på også i fremtida. Men den digitale forma er også kome for å bli.Gjennom evaluering av kursene viser det seg at en har nådd pasienter som har vore vanskeleg å nå tidlegare. Mange har opplevd denne formen for opplæring som eit veldig godt tilbod og peika på viktigheita av at den kan gjennomførast frå eiga stove, det vert kortare reiseveg og meir tilgjengeleg.
Eit tilbod som inneheld både digitale kurs og fysiske kurs vil vere en del av tilbodet ved alle helseføretaka i åra som kjem. Det jobbast også aktivt med å utvikle nye undervisningsformer og bruk av kombinasjons- eller hybridløysingar, der ein brukar både fysiske og digitale møteplassar samstundes. Slik vil ein kunne nå enda fleire og tilbodet vert meir komplett.
Det er imidlertid pasientgruppa og deira behov som heile tida skal avgjere kva for tilbod som passar best; fysiske kurs, digitale kurs eller kombinasjon av disse tilboda.