Pårørendekonferansen 2026 - Når ansvar møter motstand
Ein digital konferanse for pårørande og fagpersonane som møter dei. Sett av dagen 23. september 2026.
Bli med på felles visning

Illustrasjon: Pårørendesenteret
Bli med på ei viktig og aktuell fagleg samling, saman med andre!
Helse Møre og Romsdal er med å arrangere visningar ved SNR Hjelset og Gomerhuset på Skodje. Her kan du delta gratis, og det blir servert enkel lunsj. Vi følgjer konferansen saman, med rom for refleksjon og gode samtalar undervegs.
Dette er eit arrangement for deg som er pårørande, tilsett i Helse Møre og Romsdal eller kommunar, eller er representant frå ein brukarorganisasjon.
Sendinga blir vist frå den nasjonale konferansen. Programmet finn du her.
Merk: Meld deg på ditt lokale arrangement.
Tid, stad og påmelding
SNR Hjelset
23. september kl 09.30 - 15.00
Påmeldingsskjema SNR Hjelset (Påmeldingsfrist: 9. september 2026)
Gomerhuset på Skodje
23. september kl 09.30 - 15.00
Påmeldingsskjema Gomerhuset på Skodje (Påmeldingsfrist: 9. september 2026)
Fleire arrangement i Møre og Romsdal
Det blir arrangert fleire lokale visningar i Møre og Romsdal. Oversikta finn du herOm konferansen
Programleiarane Else Kåss Furuseth og Unni Birkeland leier oss gjennom ein engasjerande dag.
Årets tema set søkelys på samarbeid i ei tid der velferdssystemet er under press. Ressursmangel, ulike roller og forventningar kan skape utfordringar, så korleis finn vi gode løysingar saman?
Pårørandekonferansen har over fleire år vore ein populær møteplass, kjent for høg fagleg kvalitet og eit godt samansett program.