Pasient og pårørandeopplæring hausten 2024
Helse Møre og Romsdal tilbyr opplæring og kurs for brukarar, pasientar og pårørande innanfor ulike diagnosegrupper både individuelt og i grupper. Sjekk ut tilboda som er tilgjengelege.
Meir om pasient og pårørandeopplæring
Pasient og pårørandeopplæring er ein av fire hovudoppgåver til helseforetaket, og finn stad ved dei fire sjukehusa i fylket. Lærings og meistringstilboda er oftast i grupper og fleire av tilboda er digitale der du kan delta uavhengig kvar du bur.
Det finst over 120 ulike kurs- og gruppetilbod i fylket vårt. Det er fagpersonar og helsepersonell ved dei ulike sjukehusavdelingane som er fagleg ansvarlege for opplæringstilbodet. Lærings og meistringssenteret er ein støttespelar i likeverdig samarbeid med helsepersonell og erfarne brukarrepresentantar som har kjennskap til korleis det kan vere å leve med den gitte helseutfordringa eller diagnosen.
Du finn informasjon om pasient- og pårørandeopplæring, dine rettar og kurstilboda ved å gå inn på pasient og pårørandeopplæring.
Du finn også alle tilboda ved å klikke på kurskatalogen til Helse Møre og Romsdal her. Søk gjerne opp på aktuell diagnose for deg.
Ver merksam på at du treng tilvising frå fastlegen din eller behandlar i spesialisthelsetenesta til kurstilboda.
Målet med lærings og meistringstilbod
Målet med lærings- og meistringstilbod er at pasientar, brukarar og pårørande skal
- få informasjon, kunnskap og bistand til å handtere sjukdom og endringar i helsa
- førebygge eller hindre utvikling av sjukdom og funksjonsnedsetting
- gi støtte til endring av levevanar for å fremje fysisk og psykisk helse
- understøtte pasient og brukar sin eigen læringsprosess (henta frå Helsedirektoratet)
Volda sjukehus: Rådgivar Camilla Kleppe Eidså, tlf. 90 53 13 24 eller
Marita Øye, tlf. 99 15 79 40
Camilla Slutås Lund, tlf. 41 68 45 64
Camilla Slutås Lund, tlf. 41 68 45 64