Pasient og pårørandeopplæring våren 2022

Sjølv om pandemien har sett begrensingar på ulike delar av samfunnet, er vi glade for at Helse Møre og Romsdal held gode opplæringstilbod for pasientar og pårørande ved lag utover våren.

Publisert 19.01.2022
Sist oppdatert 25.08.2022
Lærings og mestringssenteret - døme

​Vikarierande teamkoordinator for Læring og meistringsenteret (LMS) i Møre og Romsdal, Astrid Ljøkjell Solem, er nøgd med at avdelingane fortsatt er gode til å omstille seg og har fått til mange varierte kurs- og opplæringstilbod. Dette trass i at retningslinjer vedrørande smittevern har endra seg kontinuerlig gjennom året.

Katalogen over kurs og opplæringstilbod vert ikkje lenger sendt ut i papirform, men sendt ut på e-post til ulike aktørar og fins tilgjengeleg på nett. I katalogen under kan du til dømes søke på stad eller behandling, så den gir ei god oversikt over tilboda som fins i fylket vårt og i heile Helse Midt-Norge. Det kan vere kurs eller gruppeopplæring for personar med ei helseutfordring, pårørande eller helsepersonell. Det er viktig å merke seg at ein del av kurstilboda også er digitale, så du kan verte henvist til dei uavhengig kvar du bur. 

Oversikt over kurs og gruppetilbod i HMR 2022

Velkommen på kurs i 2022! 

Søkbar oversikt sortert etter dato, annan informasjon om pasient og pårørandeopplæring og kontaktinformasjon til Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal finn du på Pasient og pårørandeopplæring HMR