Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal
Lærings- og meistringssenteret (LMS) jobbar for at pasientar, brukarar og pårørande skal få informasjon, kunnskap og hjelp til å handtere og meistre langvarig sjukdom og endringar i helsa si
Helse Møre og Romsdal HF arrangerer i samarbeid med St.Olavs hospital og Epilepsiforbundet digitalt kurs for foreldre/føresette og fagpersonar som er i kontakt med barn og unge med epilepsi. Kurset er eit regionalt tilbod, men er ope for fagpersonar i heile landet.
Foto: colourbox
Kurstilbodet er eit samarbeid mellom Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal HF, Poliklinikk for barn og ungdom ved Ålesund sjukehus, Habiliteringstjenesten for barn og ungdom (HABU) og Barne og ungdomsklinikken ved St. Olavs Hospital ilag med Epilepsiforbundet. Ein vil få kunnskap om kva epilepsi er og korleis ein kan møte barn og unge med epilepsi i kvardagen.
Kurset er for foreldre/føresette og fagpersonar, som til dømes helsepersonell eller tilsette som er i kontakt med barn og unge med epilepsi i barnehage og skule. Det vert lagt opp til digitale forelesingar, men det er også tid til å kunne kome med spørsmål eller utveksle erfaringar.Gjennom kurset ønskjer ein å skape forståing og meistring i rolla som foreldre/føresett og som fagperson.
Dato: 16.oktober 2025
Tidspunkt: kl.08:00-16:00
Stad: digitalt
Påmeldingfrist: 9.oktober 2025
Ein vil få kunnskap om kva epilepsi er og korleis ein kan møte barn og unge med epilepsi i kvardagen. Foredragshaldar har tverrfagleg bakgrunn som spesialsjukepleiar, lege, sosionom, erfaren brukarrepresentant frå Epilepsiforbundet, og spesialpedagog frå Spesialsykehuset for epilepsi (SSE).
*Med atterhald om endringar i tema/program.
Føresette skal ringe ekspedisjon Poliklinikk barn og ungdom Ålesund på tlf. 70167550.
Fagpersonar må melde seg på ved å kontakte Nina Sivertsen Brandal på sms: 47612043. Ikke oppgi personsensitiv informasjon.
Det er viktig at du oppgir e-postadresse for å få tilsendt kurslenke.Fagpersonar må oppgi navn på alle dersom fleire fagpersonar skal følge undervisninga frå same stad.
Du finn meir informasjon ved å gå inn på kurset i vår kurskatalog, Epilepsikurs for foreldre/fagpersonar Helse Møre og Romsdal HF
Lærings- og meistringssenteret (LMS) jobbar for at pasientar, brukarar og pårørande skal få informasjon, kunnskap og hjelp til å handtere og meistre langvarig sjukdom og endringar i helsa si