Konferanse i Ålesund la grunnlaget for varig samarbeid om læring og meistring
Rundt 70 deltakarar frå heile Møre og Romsdal møttest til konferanse om helsekompetanse i fellesskap. Konferansen vart startskotet for eit varig samarbeid som skal gi innbyggarane betre støtte til å meistre eiga helse.

Konferansen vart gjennomført i Ålesund 24.november. Målet er å styrke samhandlinga mellom helsetenestene – både på tvers av kommunar, helseforetak og brukarorganisasjonar som skal danne et nettverk for læring og meistring.
- Vi skal dra nytte av kvarandre si kompetanse og dele kunnskap på tvers, seier teamkoordinator for Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal, Astrid Ljøkjell Solem, som var med på å arrangere dagen.
Nettverket har som mål å samarbeide om tilbod til pasientar og pårørande, og bidra til at innbyggarane kan førebygge sjukdom og unngå forverring. Slik kan fleire stå sterkare i eiga helse.

Brukarrepresentant Anders Johnsen i FFO innleidde dagen og sette ord på pasientperspektivet.
- Vi ønsker å forstå og bruke helseinformasjon. Vi ønsker å klare oss sjølve. Vi ønsker ikkje å besøke helsetenestene meir enn vi må. Vi ønsker tillit og god kommunikasjon. Klarar vi å sjå verda på ein litt annan måte, sjå moglegheiter og få hjelp til å hjelpe oss sjølve, kan vi nå langt, sa Johnsen i sitt innlegg.
- Helsekompetanse er nøkkelen til at pasientar og pårørande kan ta informerte val og meistre eigen helse, seier Solem,
Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Olav Lødemel, opna dagen, og programmet baud på innlegg frå Helsedirektoratet, Frambu senter for sjeldne diagnosar og OsloMet. Foredraga tok opp korleis helsekompetanse påverkar pasientsikkerheit, meistring og samarbeid mellom tenestenivå, og kor viktig det er å tilpasse informasjon og opplæring til den enkelte. I tillegg var det praksiseksempel frå to ulike kurstilbod i Møre og Romsdal.

Konferansen vart gjennomført med støtte frå Helsefellesskapet Møre og Romsdal. Målet er å etablere ein robust arena for fagutvikling og samarbeid – til beste for innbyggarane i heile regionen.