Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vel møtt til Dialogkafé

Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal HF har igjen gleden av å inviterer alle som er involverte i brukarorganisasjonar, pasientorganisasjonar, Brukerutval eller andre interesserte til dialogkafé og samarbeid rundt pasient/brukar- og pårørandeopplæring tysdag 3.juni.

Publisert 22.05.2025
flere gule blomster som står samlet på bakken
Foto: colourbox

Etter eit år sidan sist er vi veldig glad for å invitere til ny dialogkafé tysdag 3 juni. Lærings- og meistringssenteret samarbeidar med mange brukarorganisasjonar og arbeider med brukarmedverknad på fleire måtar. Det å ha ein slik møteplass med pasient/brukarorganisasjonane er svært viktig for oss.

Denne gongen inviterer vi til dialogkafé ved det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. 

Tid: Tysdag 3.juni kl.16:30-19:00
Stad: Auditoriet, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Hovedtema for komande møte vil vere oppsummering av sist møte, omvisning, samt evaluering og vidare planlegging av Månadens brukarorganisasjon.

Plakat til Dialogkafé (pdf)

Det vert servering av kaffe, te og enkel bevertning. 

Trykk her for påmelding til Dialogkafé.

Vel møtt!

Påmeldingsfrist innan 27.mai 2025.


Pasient- og pårørandeopplæring

Helse Møre og Romsdal tilbyr opplæring og kurs for pasientar og pårørande innanfor ulike diagnosegrupper både individuelt og i grupper.

Finn eit opplæringstilbod
en mann som sitter på ryggen til en annen mann og ler