Månadens brukarorganisasjon
Lærings- og meistringssenteret samarbeider med Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) og Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) for å synleggjere brukarorganisasjonane til nytte for pasientar og helsepersonell.

Foto: colourbox
Kvifor startar vi med månadens brukarorganisasjon?
Helse Møre og Romsdal (HMR) ønskjer å synleggjere det viktige arbeidet som pasient- og brukarorganisasjonane gjer. I samarbeid med Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) og Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) vil vi kvar månad framheve ein brukarorganisasjon på alle sjukehusa i fylket.
Fordelar ved synleggjering av brukarorganisasjonar på sjukehus:
- For pasientane: Gir tilgang til støtte, rådgiving, fellesskap, og påliteleg informasjon om sjukdom og meistringsstrategiar. Informerer om rettigheiter og ressursar.
- For helsepersonell: Moglegheit til å vise pasientar til ekstra støtte, noko som kan forbetre pasientomsorga og gi ei meir heilhetleg tilnærming til behandling. Gir innsikt i pasientane sitt perspektiv og behov.
- For brukarorganisasjonen: Auka forståing og synlegheit på sjukehus, som kan føre til fleire medlemmer og frivillige. Betre samarbeid med helsepersonell og auka truverdigheit.
- For sjukehuset: Forbetra pasienttilfredsheit, redusert belastning på helsetenestene, og eit positivt omdømme som ein pasientsentrert og omsorgsfull institusjon. Bidreg til ei meir heilhetleg og pasientfokusert helseteneste.
Markering
Den valde brukarorganisasjonen får marknadsføre seg i ein månad før det rullerer til neste brukarorganisasjon. Fram til hausten 2025 vil markeringa med stand foregå i vestibylen ved Ålesund sjukehus. I tillegg vil det vere PowerPoint-presentasjon av kvar enkelt brukarorganisasjon på informasjonsskjermane våre, som er plasserte rundt omkring på sjukehusa i heile fylket. Vi har som ambisjon og mål å kunne tilby stands ved alle dei fire sjukehusa våre etter kvart. Vi håpar at månadens brukarorganisasjon kan bidra positivt til å vidareføre godt samarbeid med brukarorganisasjonane i fylket vårt.
Månad: | Brukarorganisasjon: |
Mai 2025 |
ME - foreningen Du kan lese meir om foreiniga på deira heimeside. |
Mars 2025 |
Norsk revmatikerforbund Foreiniga si heimeside finn du her |
Februar 2025 |
Foreningen for muskelsyke (FFM) Foreiniga si heimeside finn du her |
Januar 2025 |
Norilco Norsk forening for stomi, reservoar og mage- og tarmkreft Norlico si heimeside finn du her |
Desember 2024 |
Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) FFO si heimeside finn du her |
November 2024 |
Prostatakreftforeningen Prostatakreftforeningen si heime side finn du her |
Oktober 2024 |
Norges Blindeforbund Norges blindeforbund si heimeside finn du her |
September 2024 |
Løvemammaene Løvemammaene si heimeside finn du her |
August 2024 |
Personskadeforbundet Personskadeforbundet si heimeside finn du her |
Juni og Juli 2024
|
Hørselshemmedes landsforbund Møre og Romsdal Hørselshemmedes landsforbund si heimeside finn du her |
Ønskjer du å vere månadens brukarorganisasjon?
Dersom de ønsker å vere månadens brukarorganisasjon kan de kontakte Funksjonshemmedes landsforbund avdeling Møre og Romsdal på e-post post.moreogromsdal@ffo.no. Besøk også gjerne heimesida til FFO Møre og Romsdal her: Møre og Romsdal (ffo.no)
Når de har fått tildelt ein månad vil de motta e-post med praktisk informasjon og navn på kontaktpersonar hos Lærings- og meistringssenteret (LMS) og FFO.