Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Månadens brukarorganisasjon

Lærings- og meistringssenteret samarbeider med Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) og Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) for å synleggjere brukarorganisasjonane til nytte for pasientar og helsepersonell.

To mennesker som dytter hvert sitt tannhjul mot hverandre under solnedgang

Foto: colourbox

Kvifor startar vi med månadens brukarorganisasjon? 

Helse Møre og Romsdal (HMR) ønskjer å synleggjere det viktige arbeidet som pasient- og brukarorganisasjonane gjer. I samarbeid med Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) og Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) vil vi kvar månad framheve ein brukarorganisasjon på alle sjukehusa i fylket. 

 

Fordelar ved synleggjering av brukarorganisasjonar på sjukehus: 

  • For pasientane: Gir tilgang til støtte, rådgiving, fellesskap, og påliteleg informasjon om sjukdom og meistringsstrategiar. Informerer om rettigheiter og ressursar. 
  • For helsepersonell: Moglegheit til å vise pasientar til ekstra støtte, noko som kan forbetre pasientomsorga og gi ei meir heilhetleg tilnærming til behandling. Gir innsikt i pasientane sitt perspektiv og behov. 
  • For brukarorganisasjonen: Auka forståing og synlegheit på sjukehus, som kan føre til fleire medlemmer og frivillige. Betre samarbeid med helsepersonell og auka truverdigheit. 
  • For sjukehuset: Forbetra pasienttilfredsheit, redusert belastning på helsetenestene, og eit positivt omdømme som ein pasientsentrert og omsorgsfull institusjon. Bidreg til ei meir heilhetleg og pasientfokusert helseteneste. 

Ønskjer du å vere månadens brukarorganisasjon?

Dersom de har spørsmål eller ønsker å vere månadens brukarorganisasjon kan de kontakte Funksjonshemmedes landsforbund avdeling Møre og Romsdal på e-post post.moreogromsdal@ffo.no. Besøk også gjerne heimesida til FFO Møre og Romsdal.


Når de har fått tildelt ein månad vil de motta e-post med praktisk informasjon og navnkontaktpersonar hos Lærings- og meistringssenteret (LMS) og FFO. 
Les nøye gjennom tilsendt e-post.

Markering 

Brukarorganisasjonen får marknadsføre seg i ein månad.Frå september 2025 vil vi tilby stand i hovudvestibylen ved alle fire sjukehus.I tillegg vil det vere PowerPoint-presentasjon av aktuell brukarorganisasjoninformasjonsskjermane våre.Vi håpar at månadens brukarorganisasjon kan bidra positivt til å vidareføre godt samarbeid med brukarorganisasjonane i fylket vårt. 

 

Oversikt over organisasjonar
Månad: Brukarorganisasjon:

Mai 2025

ME - foreningen

Du kan lese meir om foreiniga på deira heimeside.

ME-foreningen-hjemmeside - Norges ME-forening

Mars 2025

Norsk revmatikerforbund
NRF Møre og Romsdal fylkeslag

Foreiniga si heimeside finn du her

Februar 2025

Foreningen for muskelsyke (FFM)

Foreiniga si heimeside finn du her

Januar 2025

Norilco

Norsk forening for stomi, reservoar og mage- og tarmkreft 

Norlico si heimeside finn du her

Desember 2024

Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO)

FFO si heimeside finn du her

November 2024

Prostatakreftforeningen

Prostatakreftforeningen si heime side finn du her

Oktober 2024

Norges Blindeforbund

Norges blindeforbund si heimeside finn du her

September 2024

Løvemammaene

Løvemammaene si heimeside finn du her

August 2024

Personskadeforbundet

Personskadeforbundet si heimeside finn du her

Juni og Juli 2024

 

Hørselshemmedes landsforbund Møre og Romsdal

Hørselshemmedes landsforbund si heimeside finn du her

 

Sist oppdatert 01.07.2025