Samarbeid med kommunale tenester og brukarorganisasjonar
Vi arbeider for å styrkje samarbeidet mellom tilbydarar av lærings- og meistringstilbod i kommunar og helseføretak. Dette omfattar mellom anna frisklivssentralar, fastlegar og NAV. Lærings- og meistringssenteret har òg eit godt samarbeid med ulike
brukarorganisasjonar/ brukarrepresentantar.
Føremålet er å ha kjennskap til dei ulike tenestene, samarbeide om lærings- og meistringstilbod, styrkje brukarmedverknaden og bidra til fagutvikling.
Oversikt over frisklivssentralar i Møre og Romsdal
I Møre og Romsdal har Friskliv og mestring i Kristiansund ei rolle knytt til utvikling, erfaringsutveksling og nettverksbygging mellom frisklivssentralane i fylket. Gjennom dette arbeidet blir det lagt til rette for kompetansedeling og samarbeid på tvers av kommunane.
Helsefellesskap i Møre og Romsdal
Helsefellesskap Møre og Romsdal er ein viktig arena for samhandling mellom kommunane og helseføretaket. Her møtest representantar frå ulike fagmiljø i helseføretaket, kommunane, brukarane, fastlegane og Lærings- og meistringssenteret for å planleggje, utvikle og forbetre tenestene i fellesskap.
Oversikt og meir informasjon om Helsefellesskap
Regionalt samarbeid
Gjennom regionalt samarbeid arbeider vi for å styrkje kvaliteten på pasient- og pårørandeopplæringa i Helse Midt-Noreg. Saman med Regional ressurs for pasient- og pårørandeopplæring (ROPP) og lærings- og meistringssentera i regionen deler vi kunnskap, utviklar kompetanse og samarbeider om fagutvikling. Målet er å fremje kunnskapsbasert praksis og bidra til gode lærings- og meistringstilbod for pasientar og pårørande.
Meir informasjon om den regionale funksjonen for opplæring av pasientar og pårørande (Helse-Midt)
Interregionalt nettverk for helsekompetanse og mestring
Lærings- og meistringssenteret deltek i Interregionalt nettverk for helsekompetanse og meistring, eit nasjonalt samarbeid mellom alle helseregionane i Noreg. Nettverket skal bidra til meir likeverdige lærings- og meistringstilbod i spesialisthelsetenesta og styrkje fagutvikling, kvalitetsforbetring og kompetansedeling på tvers av regionar og fagmiljø. Arbeidet tek utgangspunkt i behova til pasientar og pårørande og skal bidra til utvikling av framtidsretta og kunnskapsbaserte tenester.
Nasjonalt senter for helsekompetanse og mestring er under etablering og omorganisering. Meir informasjon vil kome.