Behandling

Behovsstyrt oppfølging for pasientar med psoriasis

Pasientar som får oppfølging for psoriasis kan registrere informasjon om eige sjukdomsforløp ved innlogging på ein digital nettportal. Slik kan ein i større grad medverke i oppfølginga si.

Behovstyrt oppfølging i Helse Møre og Romsdal

Under finn du ein nyttig informasjonsfilm om oppfølginga. Vi anbefaler at du ser denne om du ønsker informasjon om tilbodet, samt før du loggar deg inn for å gjennomføre eigenregistrering for første gang.
Behovstyrt oppfølging i Helse Møre og Romsdal
En svart smarttelefon med en fargerik skjerm

Ved hudpoliklinikken tilbyr vi oppfølging med regelmessige kontrollar for alle som har psoriasis. Vanlegvis har vi tilbode slike kontrollar cirka ein gong i året. For nokon treffer det ikkje med når dei har behov.

Poliklinikken tilbyr no digital behovsstyrt oppfølging av pasienter med psoriasis som eit alternativ til ordinær poliklinisk oppfølging. Dette gir deg som pasient moglegheit til å vere med på å styre når og korleis oppfølginga av din psoriasis skal skje. Oppfølginga blir tettare og til rett tid, men du treng nødvendigvis ikkje å møte opp til poliklinisk time kvar gang.

Før

Du får tilbod om oppfølging ved hjelp av digital eigenregistrering. Dersom du ikkje har fått eit slikt tilbod, men likevel er interessert i denne typen oppfølging, ta kontakt med avdelinga.

Dette er ikkje ei løysing for umiddelbar hjelp. Kontakt legevakt eller ring 113 viss det hastar.

Under

  1. Du får SMS med lenke når det er tid for eigenregistrering. Du kan logge inn i nettportalen frå smarttelefon, nettbrett eller PC. Innlogging skjer via ID-Porten med elektronisk ID (BankID). Rapporten blir fylt ut på ein sikker nettportal, levert av underleverandøren til sjukehuset, CheckWare.
  2. Når du har logga inn får du opp skjema med spørsmål om livskvalitet, utfordringar, medisinar og behandling. Eit skjema er alltid tilgjengeleg om du får behov for å ta kontakt med oss. Vi anbefaler at det ikkje går lengre enn 6. måneder mellom kvar gong du registrerer, uavhengig av om du har behov eller ikkje. Årsaka for det er at vi kan følge deg opp betre når vi veit korleis du har det.
  3. Ein sjukepleiar går gjennom svara dine, og ut frå desse blir du ved behov kontakta per telefon for utfyllande vurdering eller du blir sett opp til time. Dersom det ut frå svara ikkje kjem fram forhold som krev vidare vurdering, oppfattar vi at tilstanden din er stabil og tilfredsstillande. Då blir du ikkje kontakta.

Reseptane dine kan du sjekke på helsami.no

Etter

Du står fritt til å avbryte den digitale oppfølginga og gå tilbake til ordinær oppfølging når du måtte ønske det. Ta kontakt med oss dersom du ikkje lenger ønsker tilbodet om digital eigenregistrering.

Kontakt

  • Kontakt Hudpoliklinikken Ålesund

    Oppmøtestad

    Hudpoliklinikken i Ålesund finn du ved inngang nord (poliklinikkinngangen), til venstre når du kjem inn.

    Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

    Ålesund sjukehus

    Åsehaugen 5

  • Kontakt Hudpoliklinikken Kristiansund

    Oppmøtestad

    Hudpoliklinikken i Kristiansund finn du i 1. etasje på sjukehuset. Gå inn hovudinngangen og til venstre for sentralbordet. Ekspedisjonen til Hudpoliklinikken ligg på venstre side i korridoren. Meld deg her ved ankomst.

    Lysbehandling i Molde finn du i apotekbygninga ved Molde sjukehus, Parkvegen 81. Inngang rundt hjørnet til høgre for apotekinngangen.

    Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

    Kristiansund sjukehus

    Herman Døhlens vei 1

    6508 Kristiansund