ERCP er ei undersøking av gallevegar og bukspyttkjertel ved bruk av ein bøyelig slange. ERCP-slangen blir ført inn gjennom munnen, ned gjennom spiserøyret og magesekken, og vidare ned til tolvfingertarmen. Med spesialutstyr får ein tilgang til gallegangane eller bukspyttkjertelgangen gjennom opninga deira i tolvfingertarmen. Ved ERCP kan vi undersøkje om det er sjukdomar i lever, gallevegar og bukspyttkjertelen. Vi kan òg ta vevsprøver (biopsi) og eventuelt behandla enkelte tilstandar direkte via ERCP-slangen.
FØR
Fasting før undersøkinga
Du må møte fastande, og magesekken må vere heilt tom før undersøkinga.
Ikkje et eller drikk noko dei siste 6 timane før undersøkinga.
Er du veldig tørst, kan du drikke 1-2 glas vatn inntil 2 timar før undersøkinga. Etter dette kan du skylje munnen utan å svelgje noko.
Blodfortynnande medisinar
Om du brukar Acetylsalisylsyre (Albyl E), kan du fortsette med det. Ved bruk av blodfortynnande medisinar er det viktig at du les teksten i innkallingsbrevet og følgjer instruksjonane nøye. Ved spørsmål kan du ta kontakt med avdelinga.
Andre forhold
Har du diabetes og brukar insulin, kan du kontakte oss for å få timeavtale tidleg på dagen. Vi ønsker at du tek med deg ei oppdatert liste over medisinar du brukar. Gi oss beskjed dersom du er allergisk mot nokre medikament.
UNDER
Du vil på førehand få tilbod om ei beroligande og smertestillande sprøyte. Under sjølve undersøkinga ligg du på magen. Har du tannprotesar, må desse takast ut. Du får eit munnstykke mellom tennene. Når ERCP-slangen kjem bak på tunga, får du beskjed om å svelgje. Sjølv om dette kan kjennast ubehageleg, er det viktig å slappe av og puste roleg medan undersøkinga pågår. Du kan puste normalt gjennom nase og munn under undersøkinga.
Når ERCP-slangen er på plass, blir eit tynt kateter ført inn i gallegangen og eventuelt i bukspyttkjertelgangen. Deretter blir det sett inn røntgenkontrast. Dersom vi finn gallestein eller tronge parti, vil behandlinga vanlegvis bli utført samtidig.
Gjer det vondt?
Det er viktig å slappe av og puste roleg medan undersøkinga pågår, derfor får du i samband med undersøkinga beroligande og/eller smertestillande medisinar.
Etter
Etter undersøkinga må du vere til observasjon til neste dag, med mindre det blir bestemt at du kan reise heim etter nokre timars observasjon på sjukehuset. Du kan ikkje sjølv køyre bil før dagen etterpå på grunn av medisinar som blir gitt ved undersøkinga.
Når får eg resultatet?
Vanlegvis får du vite resultatet med ein gong etter undersøkinga. Det tar 2-4 veker å få svar på eventuelle vevsprøver som er tatt. Resultatet og eventuelle prøvesvar vil bli sendt til legen som har tilvist deg, og til fastlegen din.
Forholdsreglar etter undersøkinga
Etter undersøkinga kan du føle deg litt oppblåst og ha noko mageknip. Det er også vanleg å ha litt sår hals dei første dagane etter undersøkinga. Du kan som regel drikke væsker, flytende føde 2 timer etter undersøkelsen og frem til neste morgen.
Ver merksam
Dersom du får sterke magesmerter eller blodig oppkast etter at du har komme heim, må du kontakte sjukehuset.
Komplikasjonar ved ERCP er sjeldne. I nokre tilfelle kan bukspyttkjertelen bli betent, og det kan oppstå bløding ved utviding av gallegangsopninga. Svært sjelden kan det gå hol på tarmen, og operasjon kan då bli nødvendig.
Kontakt
Ålesund sjukehusPoliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.
Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved hovudinngangen.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje, fløy M. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.