Endoskopisk undersøking av gallevegane
ERCP er ei undersøking av gallevegar og bukspyttkjertel ved bruk av ein bøyelig slange. ERCP-slangen blir ført inn gjennom munnen, ned gjennom spiserøret og magesekken og ned til tolvfingertarmen. Med spesialutstyr får ein tilgang til gallegangane eller bukspyttkjertelgangen gjennom opninga deira i tolvfingertarmen.
Ved ERCP kan vi undersøkje om det er sjukdomar i lever, gallevegar og bukspyttkjertelen. Vi kan òg ta vevsprøver (biopsi) og eventuelt behandle enkelte tilstandar direkte via ERCP-slangen.
FØR
Fasting før undersøkinga
Du må møte fastande, og magesekken må vere heilt tom før undersøkinga.
- Ikkje et eller drikk noko dei siste 6 timane før undersøkinga.
- Er du veldig tørst, kan du drikke 1-2 glas vatn inntil 2 timar før undersøkinga. Etter dette kan du skylje munnen utan å svelgje noko.
Blodfortynnande medisinar
Om du brukar Acetylsalisylsyre (Albyl E), kan du fortsette med det. Ved bruk av blodfortynnande medisinar er det viktig at du les teksten i innkallingsbrevet og følgjer instruksjonane nøye. Ved spørsmål kan du ta kontakt med avdelinga.
Andre forhold
Har du diabetes og brukar insulin, kan du kontakte oss for å få timeavtale tidleg på dagen. Vi ønsker at du tek med deg ei oppdatert liste over medisinar du brukar. Gi oss beskjed dersom du er allergisk mot nokre medikament.
UNDER
Du vil på førehand få tilbod om ei beroligande og smertestillande sprøyte. Under sjølve undersøkinga ligg du på magen. Har du tannprotesar, må desse takast ut. Du får eit munnstykke mellom tennene. Når ERCP-slangen kjem bak på tunga, får du beskjed om å svelgje. Sjølv om dette kan kjennast ubehageleg, er det viktig å slappe av og puste roleg medan undersøkinga pågår. Du kan puste normalt gjennom nase og munn under undersøkinga.
Når ERCP-slangen er på plass, blir eit tynt kateter ført inn i gallegangen og eventuelt i bukspyttkjertelgangen. Deretter blir det sett inn røntgenkontrast. Dersom vi finn gallestein eller tronge parti, vil behandlinga vanlegvis bli utført samtidig.
Gjer det vondt?
Det er viktig å slappe av og puste roleg medan undersøkinga pågår, derfor får du i samband med undersøkinga beroligande og/eller smertestillande medisinar.
Etter
Når får eg resultatet?
Forholdsreglar etter undersøkinga
Ver merksam
Kontakt
Ålesund sjukehus
Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund
Oppmøtestad
Poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar er lokalisert i 4. etasje i lågblokka, på nordsida av sjukehuset.
Adresse
- I dag STENGT

Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5