Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spondyloartritt

Spondyloartritt er ei gruppe kroniske leddsjukdommar kjenneteikna av betennelse i ledd i ryggsøyla eller bekkenet, ileosakralledd, og/eller betennelse i ledd i armar og bein. I tillegg til leddbetennelse kan det finnast betennelsar i senefeste og i regnbogehinna til auget.

Ankyloserande spondylitt påverkar hovudsakleg ryggraden, noko som gir stivheit og smerter. Nye behandlingar kan gi både betre funksjon og prognose.

Les meir på helsenorge.no

Symptom

Ordet spondyloartritt er sett saman av spondylitt (betennelse i ryggsøyle) og artritt (leddbetennelse). Diagnosegruppa spondyloartritt består av sjukdommane aksial spondyloartritt, psoriasisartritt, reaktiv artritt og artritt ved tarmsjukdommane ulcerøs kolitt og Crohns sjukdom. Symptoma og behandlingsprinsippa for dei ulike spondyloartrittane er i stor grad like, men kan arte seg ulikt frå person til person. Nokre opplever milde symptom, medan andre har meir alvorleg sjukdomsforløp der leddskade kan oppstå.

Ved aksial spondyloartritt har ein betennelse i rygg og/eller bekkenledd. Hovudsymptoma på det er smerter og stivleik, ofte nattlege smerter. Det vanlegaste er at rørsle gir lindring, medan kvile ikkje gjer det. Også ledd og senefeste utanfor ryggsøyla kan bli betente med hevelse, smerte og stivleik. Ved spondyloartritt har ein auka risiko for betennelse i regnbogehinna til auget. Då kan auget bli raudt og smertefullt, og ein bør då snarast bli undersøkt av augelege. Påverknad av indre organ er sjeldan, men sjukdommane kan gi auka risiko for å utvikle hjarte-karsjukdom, og hos nokre  beinskjørheit, (osteoporose). Det er ikkje uvanleg å oppleve generell trøyttleik eller utmatting.

Aksial spondyloartritt oppstår nesten alltid før 40 års alder, oftast allereie i 20-åra.

 

Tilvising og vurdering

Dersom det er mistanke om at du har spondyloartritt vil du bli tilvist til revmatolog av fastlegen din. Opplysningane frå fastlegen gir grunnlag for om og kor raskt du vil bli innkalla til vurdering.

Når symptoma er leddsmerter med spørsmål om spondyloartitt ber vi om:

1 Anamnese

a) Varigheit av leddsmerte og senefestesmerte
b) Morgonstivleik, tilstivning i kvile, rørslelindring?
c) Eventuell effekt av NSAIDS?
d) Er det tilkomme utfordringar med daglege funksjonar?
e) Er det episodar med uveitt?
f) Psoriasis, inflammatorisk tarmsjukdom, førre infeksjon
g) Eventuell hereditet og andre sjukdommar

2 Funn ved undersøking

a) Hevelse i ledd eller over senefeste?
b) Ømheit over ledd og senefeste (utan å vere tilsvarande øm utanfor ledda)?
c) Rørsleinnskrenkingar?

3 Blodprøvar

a) CRP, SR
b) HLA-B27

4 Resultat MR IS-ledd og eventuelle andre symptomgivande ryggavsnitt ved mistanke om ryggaffeksjon

Utgreiing

Sjukdomsteikn

Revmatologen vil snakke med deg og undersøkje ryggen og ledda dine. Beskrivinga di av plagene gir viktig informasjon. Blodprøvar vil vise om betennelsesmarkørane senking og CRP er forhøgd. Dersom ein har vevstypen HLA-B27 aukar sjansane for diagnosen, men ein kan ha spondyloartritt utan å ha denne vevstypen. Vevstypen er vanleg i Noreg også hos personar utan spondyloartritt.

For å diagnostisere leddbetennelse i ryggen og bekkenet tek vi vanlegvisei  MR-undersøking, medan ultralyd blir brukt for å vurdere ledd i armar og bein. Vanlege røntgenbilete kan også vere aktuelt. Biletundersøkingar bidreg til å kartleggje omfanget av artrittar og eventuelle leddskadar.

Omfanget og varigheita av leddbetennelse saman med opplysningane du gir og resultatet av andre undersøkingar avgjer om ein stiller ein spondyloartrittdiagnose. Somme gonger kan diagnosen stillast ved første time, medan det andre gonger kan vere nødvendig med fleire undersøkingar før det blir klart om du har tilstanden eller ikkje.

Behandling

For nokre pasientar kan trening vere tilstrekkeleg behandling for sjukdommen, medan dei fleste vil også ha behov for medisinar, i alle fall i periodar. Ved god effekt av medisinane kan ein saman med behandlar vurdere å trappe ned eller slutte med medisinar.

Medikamentell behandling

Dersom du skal starte med medisinar vil du få informasjon om medisinen og om det er behov for blodprøvekontrollar hos fastlege under behandlinga.

Behandlinga kan delast inn i symptomlindrande medikamentell behandling og sjukdomsreduserande antirevmatiske legemiddel (DMARD).

Symptomlindrande behandling kan vere smertestillande (Paracet) og betennelsesdempande medisinar (NSAIDs som for eksempel Naproxen og Ibux). NSAIDs har ofte god effekt på spondyloartritt.

Dei sjukdomsreduserande medisinane dempar overaktiviteten i immunsystemet og dermed betennelsesprosessen. Dersom det betennelsen hovudsakleg er i ledd utanfor ryggsøyla er dei mest aktuelle sjukdomsreduserande legemiddelet er methotrexate (Methotrexate tablettar eller Metex injeksjonar), eller sulfasalzin (Salazopyrin). Ved betennelse i ryggsøyla utan tilstrekkeleg effekt av trening og NSAIDS vil ein vanlegvis starte med biologisk behandling.

Dette er medisinar som er laga for å verke på spesifikke delar av betennelsesprosessen. Dei biologiske legemidla blir gitt direkte i blodet (intravenøs infusjon) eller som sprøyte/penn som blir sett under huda. Det tek ofte 3 – 4 månader før desse medikamenta har effekt. Kortison er viktig for å dempe betennelsen i ledda i denne tida før DMARDS har effekt. Av og til vil kortisoninjeksjonar i ledda vere nødvendig og effektivt.

Anna behandling

Trening og øvingar kan gjere at du blir mindre stiv, får betre funksjon og kan halde ved like rørsle, i tillegg til å gi allmenne helseeffektar. Mange med spondyloartritt får rettleiing frå fysioterapeut om dette i starten av diagnosen, i periodar kan det også vere nyttig med behandling hos fysioterapeut. Ergoterapeut kan gi råd og rettleiing, særleg ved funksjonstap i hender.

Svangerskap

Ein kan få barn sjølv om ein har spondyloartritt, men det er ønskjeleg at svangerskapa blir planlagde til ein periode der spondyloartritt er lite aktiv. Det er viktig at ein tek opp ønske om barn på kontrollar fordi det kan vere behov for å endre behandling, eller ta røntgenbilete før svangerskap blir planlagt. Det er ikkje auka førekomst av misdanningar hos barnet til kvinner med spondyloartritt.

Oppfølging

Oppfølginga vil vere eit samarbeid mellom deg, fastlegen din og revmatologisk avdeling.

Det vil vere tette kontrollar når du får diagnosen og ved periodar med aktivitet i sjukdommen. Mange sjukehus har laga pasientforløp der det inngår kontrollar hos sjukepleiar, ergoterapeut og fysioterapeut i tillegg til lege det første året. I periodar med låg sjukdomsaktivitet vil det vere sjeldnare kontrollar og i nokre tilfelle vil oppfølginga vere hos fastlegen, og berre kontakt med revmatolog dersom sjukdommen skulle blusse opp igjen.

Du må sjølv avtale kontrollar hos fastlegen:

  • Du bør ha éin kontrolltime i året hos fastlege der blant anna risiko for hjarte- og karsjukdom og beinskjørheit blir vurdert.
  • Dersom du bruker DMARDS må du avtale blodprøvetaking regelmessig, vanlegvis 4 gonger i året. Dette er for å sjekke at behandlinga ikkje har utilsikta biverknader.
  • Dersom du bruker DMARDS og/eller er >65 år bør du vaksinere deg mot influensa- og koronavirus om hausten og pneumokokkvaksine kvart 6. år. Ved nokre DMARDS er det tilrådd vaksine om herpes zoster (Shingrix) i tillegg.

DMARDs dempar immunsystemet noko. Dersom du bruker biologisk DMARD og får infeksjon som gjer at du treng antibiotika eller må leggjast inn på sjukehus, bør du ta pause frå biologisk behandling til infeksjonen er under kontroll. Dersom du skal opererast er det viktig at du seier frå på førehand dersom du bruker biologisk behandling, det vil ofte bli tilrådd å ta pause frå biologisk behandling i forkant og dei første 2 vekene etter ein operasjon.

Å leve godt med spondyloartritt

Målet er at det ikkje skal vere teikn til betennelse i ledda, og at ein skal kunne delta i arbeidslivet og i sosiale aktivitetar på linje med friske personar.

God kunnskap om sjukdommen er viktig. Det gir deg grunnlag for å meistre din situasjon, og å ta gode val for deg og helsa di. Mange erfarer at det er nyttig å møte andre som har liknande helseutfordringar. Mange sjukehus arrangerer lærings- og meistringskurs med tanke på dette.

Livsstilen ein har kan påverke sjukdomsforløpet ved spondyloartritt. Det blir tilrådd å ha eit sunt kosthald, unngå tobakk og å trene regelmessig, både styrke og kondisjonstrening. Tilrådingane for fysisk aktivitet og kosthald for menneske med spondyloartritt er i prinsippet lik tilrådingane for heile befolkninga.

Tilrådingar om fysisk aktivitet til vaksne og eldre (helsenoreg.no)

Dersom du har utfordringar med fysisk aktivitet eller utføring av aktivitetar i kvardagen kan vurdering hos fysioterapeut og ergoterapeut vere nyttig. Dette kan du snakke med behandlaren din om.  

Sist faglig oppdatert 05.06.2024

Kontakt

Ålesund sjukehus Revmatologisk poliklinikk
Ventetid: 12 uker

Ventetid: 12 uker

Kontakt Revmatologisk poliklinikk

Oppmøtestad

1. etasje, fløy DS.

Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.

Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. 

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Ventetid

12 uker til utredning

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.