Målet for behandlinga er å slå ned den autoimmune betennelsen og med det redusere risikoen for å utvikle varig skade på organa, eller avgrense omfanget av skade der det allereie har skjedd.
Behandlinga omfattar kortison og immundempande medisinar. Behandlinga er ofte todelt:
- Induksjonsbehandling: Stoppar sjukdomsaktiviteten med sterke immundempande medisinar som rituksimab eller cyklofosfamid. I tillegg til kortison, vanlegvis i høge dosar i starten
- Vedlikehaldsbehandling: Held sjukdommen under kontroll. I nokre tilfelle vil ein byte til mildare medisinar som metotreksat, azathioprin eller mykofenolat, det er vanlegast viss induksjonsbehandlinga var cyklofosfamid.
Avhengig av kor alvorleg sjukdommen har vore, er det vanleg med 2-5 år med vedlikehaldsbehandling. Ved svært alvorleg sjukdom kan det vere aktuelt med enda lenger immundempande behandling. Dersom sjukdommen blussar opp under vedlikehaldsbehandling eller etter avslutta behandling, er det vanleg å gi ny runde med induksjonsbehandling.
Det kan vere nødvendig med tverrfagleg behandling der ulike spesialistar er involverte, dette vil avhenge av kor alvorleg sjukdommen er.
Den immundempande behandlinga gjer deg meir utsett for infeksjonar. Det kan vere aktuelt med førebyggande antibiotikabehandling i perioden med kraftigast immundempande behandling. Vi anbefaler at du tar pneumokokkvaksine og vaksinerer deg mot influensa- og koronavirus om hausten.
Norsk vaskulittregister
Norsk vaskulittregister er eit nasjonalt kvalitetsregister med målsetting om å sikre kvalitet og einskapleg utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med systemiske vaskulittar.
Les meir om Norsk vaskulittregister (unn.no)