Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Angiografi og intervensjon

Angiografi er ei røntgenundersøking der vi framstiller kroppens blodårer ved hjelp av kontrastmiddel. Intervensjon er den delen av undersøkinga der vi via blodårene behandlar pasienten.

Undersøkinga gjer det mogleg å påvise skadar, forsnevringar, blokkeringar og utposingar (aneurismar) i årene. Angiografi viser også blodtilførselen til dei organa eller områda blodårene forsyner. Oftast har du i forkant vore til utgreiing på CT, MR eller ultralyd. Desse undersøkingane har påvist endringar som gjer det nødvendig med vidare utgreiing og/eller behandling.

Pasienten blir oftast tilvist frå spesialist, for eksempel karkirurg eller nevrolog. Dersom behandling er påkravd, blir dette gjort for eksempel ved utblokking av forsnevringar i blodåra og/eller innlegging av ein stent (eit røyr av metallnetting) for å halde blodforsyninga open. Det er mange typar behandling å velje i. Kva vi gjer, avheng av dei funna vi observerer, og kva symptom pasienten har.

Før

Ved intervensjon i bekkenet kan det nokre gonger vere behov for at ein legg inn eit urinkateter før prosedyren startar – dette for å sikre urinvegane og unngå forstyrringar medan prosedyren går føre seg.

Under

Vi gir lokalbedøving i huda før nåla blir stukken inn i pulsåra, vanlegvis i lysken, og fører deretter eit tynt plastrøyr inn i blodåra. Gjennom dette kateteret kan vi sette kontrast og føre inn utstyr som ein eventuelt skal behandle forandringar i blodåra med. 

Undersøkinga i seg sjølv medfører oftast lite ubehag. Har du problem med å ligge flatt på ryggen over lengre tid, kan du få smertelindring. Mange opplever kortvarig lett svie og spreng i samband med lokalbedøvinga. Enkelte av behandlingane kan medføre noko smerte, men dette er forbigåande.

Det er viktig å ligge stille under undersøkinga. Når vi tek bilete vil du i somme tilfelle bli bedt om å halde pusten ei kort stund. Når vi gir kontrast, vil du kunne kjenne varme. Dette er heilt normalt og går fort over.

Når undersøkinga/behandlinga er over trekker vi ut plastrøyret frå blodåra. Dersom det ligg til rette for det vil det bli lagt ein bindevevsplugg i blodåresveggen som stoppar blødinga. I nokre tilfelle komprimerer vi over innstikkstaden for å hindre bløding.
I sjeldne tilfelle kan det bli nødvendig med konvertering til open operasjon dersom det tilkjem komplikasjonar til endovaskulær behandling. Dette kan vere bløding i samband med blokking av tronge parti eller ved lukking av innstikkstaden.

Etter

  • Denne prosedyren/inngrepet er i utgangspunktet dagkirurgisk og du kan reise heim etter observasjonstid og dersom ingen avvik.
  • Du vil bli trilla i seng direkte tilbake til avdelinga etter prosedyren/inngrepet.
  • Etter prosedyren/inngrepet er ferdig vil røntgenlege vidareformidle beskjed om kor lenge du må halde senga med tanke på blødingsfare, om du må ha komprimerande sandsekk over innstikkstaden og når du kan få ete og drikke. Sjukepleiar på avdelinga vil følge opp dette.
  • Sjukeleiar på sengepost vil gjere hyppige observasjonar i forhold til sirkulasjon i det aktuelle beinet/-a og oppdage eventuell bløding i det området som innstikkstaden er. 
  • Det er som regel lite smerter relaterte til sjølve inngrepet. ny-oppstått og/eller sterke smerter må rapporterast straks til sjukepleiar.
  • Undersøkingsdagen og dagen etterpå bør du unngå kraftige fysiske anstrengingar og tunge løft. Ut over dette er det som regel ingen spesielle forholdsreglar, men unngå særleg tunge løft første månaden etter inngrepet.

Ved utreise

  • Dersom det har blitt brukt bindevevsplugg skal du ved utreise ha fått eit lite kort som skal oppbevarast i lommeboka di i 90 dagar. Kortet skal du vise til behandlande lege/helsepersonell dersom du er i kontakt med dei av ein eller annan grunn i løpet av dei 90 dagane.
  • Bandasjen/-ane vil bli skifta før utreise dersom behov. Du kan dusje med vasstett dusjebandasje to dagar etter inngrepet, og så utan bandasje etter 3-4 dagar. Legg alltid på tørre og reine bandasjar på etter du har dusja.
  • Det kan bli nødvendig å starte med nye medikament etter behandlinga. Dette blir avgjort før utskriving.
  • Du vil bli sjukmeld i 1-2 veker, avhengig av yrke.

Korleis førebygge

  • Røykestopp betrar utviklinga av åreforkalking i pulsårane til beina, og gjer at åra blir mindre utsett for nye forkalkingar, det vil igjen seie at åra held seg lenger open. Røykestopp er meir effektivt enn medikamentell behandling.
  • Spis sunt.
  • Ver fysisk aktiv.
  • Medikamentell behandling.

Kontroll

Kontroll 4-6 veker etter inngrepet. Kontrollen blir utført på Kirurgisk- og ortopedisk poliklinikk (karkirurgisk).

Ver merksam

Ta kontakt med eigen lege dersom

  • Innstikkstaden blir veksande raudt og hovent, og du har feber over 38-38.5 grader.
  • Du blør frå innstikkstaden, slik at du må skifte bandasjane mange gonger dagleg.
  • Du har mykje smerter eller tiltakande smerter som ikkje blir lindra av smertestillande tablettar.
  • Temperatur og hudfarge i beinet blir forandra. Foten blir kald, bleik og tiltakande smertefull.
Sist faglig oppdatert 16.01.2025

Kontakt

  • Kontakt Dagpost Ålesund

    Oppmøtestad

    7. etasje, fløy HØ (høgblokka). Dageining. 

    Hovudinngangen sett frå utsida.

    Ålesund sjukehus

    Åsehaugen 5

    Transport

    Parkering

    Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.

    Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

    Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

    Betalingsalternativ
    • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
    • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
    • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
    • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
    • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
    HC-parkering

    HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

    Oversikt over sjukehusområdet

    Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
    Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.  

    Kart

    For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

    Finn fram på sjukehuset med Mazemap

    Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

    Hovudinngang Ålesund sjukehus
    Åsehaugen 5D
    Administrasjonsbygget
    Åsehaugen 1b
    Akuttmottak
    Åsehaugen 5C
    Apotek
    Åsehaugen 5A
    Audiopedagogen
    Åsehaugen 9
    Dagkirurgi aust
    Åsehaugen
    Barne- og ungdomsavdelinga
    Åsehaugen 11
    Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
    Geilebergvegen 20
    Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
    Geilebergvegen 16
    Habiliteringsbygget
    Åsehaugen 3
    Kreftavdelinga
    Åsehaugen 17
    Psykiatribygget
    Åsehaugen 7A
    Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
    Geilebergvegen 20
    Åse hotell
    Åsehaugen 7
    Åsebøen 1
    Åsebøen 5

    ​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

    Ladestasjonar for el-bil

    Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss

    Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. 

    Fly

    Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
     
    Praktisk informasjon

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

    Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

    ​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

    ​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

    ​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

    Åse hotell

    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

    ​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

    Opningstid

    07.30–15.30

    Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider 

    ​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

    Kafé

    Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

    Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

    Opningstider:
    • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
    • Helg og høgtid: stengt

    Kios​k

    I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
    Opningstider:
    • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
    • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
    • Raude dagar: 10.00 - 18.00

    ​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

    Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

  • Kontakt Kirurgisk sengepost A Ålesund

    Oppmøtestad

    4. etasje, fløy HØ (høgblokka). 

    For pasientar som skal til planlagt innleggelse er oppmøtested på Dageininga i 7.etasje, fløy HØ (høgblokka)).