Arbeids-Ekg ved Ålesund sjukehus
Arbeids-Ekg gir informasjon om hjartefunksjonen under belastning.
Testen blir brukt til å finne ut om ein ved fysisk belastning kan provosere fram feilfunksjon ved hjarterytmen, for å måle fysisk kapasitet, for å diagnotisere hjartesjukdom, for å få opplysningar om kor alvorleg sjukdommen er og for å vurdere effekt av behandling.
Før
- Ta gjerne med lette treningsklede og joggesko.
- Unngå mat og tobakk dei siste 3 timane før testen.
- Du kan ete ein lett frukost.
- Dersom det ikkje er gitt anna beskjed skal du ta medisinane dine som vanleg undersøkingsdagen.
Under
Testen blir utført ved at du syklar på ergometersykkel eller går på tredemølle. Gi beskjed til medisinsk poliklinikk dersom du har plager som fører til at du ikkje kan gjennomføre testen med ein av desse metodane, slik at vi kan planlegge tilrettelegging av undersøkinga.
Ein skal halde mest mogleg jamt tempo under sykling/gange. I starten vil belastinga vere lett. Testmaskina aukar automatisk belastinga med jamne mellomrom.
Målet er å teste inntil maksimal belastingskapasitet eller så nær maksimalt som mogleg. For at testen skal bli best mogleg, er det viktig at du ikkje stoppar for tidleg. Testen blir avslutta når du oppnår maks belastingskapasitet eller dersom legen finn andre teikn til at det er rett å stoppe testen, som for eksempel ved smerter i brystet.
Etter avslutta belasting, held registreringa fram i nokre minutt medan du får kvile.
Etter
Vi ser helst at du ventar ca. 30 minutt etter testen før du reiser heim frå sjukehuset.
Testresultatet vil vere klart med det samme. For enkelte kan det vere nødvendig med ytterlegare vurderingar.
Fastlegen din får skriftleg resultat av testen og råd om vidare oppfølging.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Poliklinikk for hjartesjukdommar
Oppmøtestad
Poliklinikken held til i 2. etasje i lågblokka på sjukehuset.
Opningstider
- I dag STENGT
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5