Etter operasjonen skal beinet vere heva i 1 time.
Kompresjon
Du får på kompresjonsbandasje som du skal behalde dei første dagane, deretter gå over til kompresjonsstrømpe. Om du ikkje har fått anna tilråding frå operatør gjer du slik:
- Radiofrekvensbehandling: Kompresjonsstrømper grad 2 blir tekne med og blir lagde på direkte etter operasjonen. Deretter skal du bruke denne kompresjonsstrømpa i ei veke dag og natt, og i ei veke på dagtid. Gjerne lenger om du kjenner at det kjennest behageleg.
- Open teknikk: Kompresjonsbandasjen skal du behalde i 3 dagar. Deretter skal du bruke kompresjonsstrømpe dag og natt i ei veke, og vidare i tre veker på dagtid. Gjerne lenger om det kjennest behageleg.
Bandasjar
Bandasjar inst mot såra bør ligge på i 3 dagar før du eventuelt kan skifte ved behov. Ta av dei gamle bandasjane og legg på nye på tørre operasjonssår. Ved gjennombløding/lekkasje første døgnet kan ein forsterke med ekstra bandasje. Ta kontakt med helsepersonell om du er usikker på om det bør skiftast heilt inn til såret.
Smerter
- Radiofrekvensbehandling: Lite smerter, Paracet ved behov.
- Open teknikk: Det er normalt med lette til moderate smerter. Smertene er sterkast første døgnet, så avtakande. Du får smertestillande medikament med heim.
Dusj
Du kan dusje etter 3 dagar med lunka vatn og ikkje for stort trykk på strålen. Tørk med rein handkle og legg på ny, tørr bandasje. Unngå å bade til såra har grodd, dette tek ca tre veker.
Sting/strips
Operasjonssåra blir oftast berre stripsa, men dersom der er sting skal desse bli fjerna på fastlegekontoret etter 14 dagar.
Arrbehandling
Om du vil motverke arrdanning tilrår vi å bruke plaster på såra i 2-3 månader. Ved soling; bruk høg solfaktor eller plaster på arra dei første åra.
Aktivitet
Ta det litt med ro dei første 2-3 dagane, men gå rolege spaserturar. Sitt gjerne med beinet høgt (elevert) når mogleg.
- Radiofrekvensbehandling. Lite restriksjonar på aktivitet, men då det kan blø litt er det viktig å ta det litt roleg det første døgnet.
- Open teknikk. Første 2 dagane skal du ta det med ro. Auk aktiviteten gradvis. Unngå tunge belastningar/trening første vekene. Aktiv trening bør du vente med i om lag 3 veker etter operasjonen.
Sjukmelding
- Radiofrekvensbehandling: Du treng vanlegvis ikkje sjukmelding, eventuelt eigenmelding 1-2 dagar.
- Open teknikk: Du får sjukmelding med lengd varierande etter arbeidssituasjon. Mest vanleg er sjukmelding i 7-14 dagar. Kontakt fastlege ved behov for forlenging.