Samval
Når du har blitt sjuk eller har eit helseproblem, finst det ofte fleire ulike moglegheiter for undersøkingar og behandling. Her finn du samvalsverktøy ved kneartrose, som kan hjelpe deg til å ta valet. Det finst førebels inga spesifikk behandling som kan stanse sjukdommen og normalisere leddbrusken, men fleire tiltak kan betre symptoma og følgjene av sjukdommen.
Alle med symptom bør få tilbod om grunnbehandlinga, det vil seie informasjon, rettleidd trening og vektreduksjon ved overvekt. Somme vil i tillegg ha behov for supplerande behandling, som symptomdempande legemiddel, fysioterapi eller ergoterapi og hjelpemiddel medan eit fåtal vil utvikle ei så alvorleg grad av artrose at det er formålstenleg med kirurgi.
Informasjon, rettleidd trening og vektreduksjon ved overvekt utgjer hjørnesteinane i artrosebehandling. Å delta på artrosekurs eller tilsvarande kan gi betre innsikt i sjukdommen og kva ein kan gjere for å meistre kvardagen. Fastlegen din kan vise deg til artrosekurs.
Tilpassa trening kan redusere smerter og stivleik, og dessutan betre funksjonen. Ein fysioterapeut kan setje opp eit individuelt tilrettelagt treningsprogram, og gi råd og rettleiing om aktivitetar og belastning. Det er mange ulike former for trening som kan gi effekt på smerter og funksjon ved artrose. Dei fleste vil ha nytte av styrkje- og kondisjonstrening, men også andre treningsformer som yoga, Tai Chi, balanse- og rørsletrening kan vere aktuelt for somme.
Ved handartrose kan ein ergoterapeut tilpasse eit treningsprogram, og gi råd og rettleiing om ulike støtteskjener (ortosar) og hjelpemiddel. Forsking viser at ein vektnedgang på 5 prosent eller meir kan redusere symptoma dersom ein er overvektig.
Tilrådde legemiddel inkluderer tradisjonelle smertestillande og betennelsesdempande legemiddel, både i gel-form og som tablettar. Leddinjeksjonar med kortison kan prøvast dersom det er påvist betennelse i det smertefulle leddet, men den smertelindrande effekten er kortvarig.