Vanlegvis blir diagnosen stilt ved å undersøke leddet og snakke med deg som pasient. Typiske funn ved leddundersøkinga er hevelse og nedsett rørsle. Dersom det er tvil om diagnosen, kan blodprøver vere aktuelle for å avkrefte andre revmatiske sjukdommar. Av og til er det nødvendig med røntgen eller ultralyd. MR er normalt ikkje nødvendig.
Røntgenundersøkingar kan påvise forandringane som oppstår i ledda, men ikkje før seinare i sjukdomsforløpet. Ein kan ha store forandringar på røntgenbilde utan å vere særleg plaga av det, eller ha store plager utan at dette samsvarer med funn på røntgenbilde. Behandlinga blir retta mot symptoma og ikkje mot funn på røntgenbilde. Ved tvil om diagnosen kan fastlegen vise deg til ein revmatologisk poliklinikk for vurdering.


